– Me har alltid følgt med på kva byar som får besøk av Tour of Norway for kids. Nokre gonger har det passa med ferieplanane våre, andre gonger ikkje. I år er det jo heilt topp at det blir lagt til Sauda, seier Silje Fatnes Skaarer.
Nå gler dei alle seg til den komande sykkelfesten i Sauda sentrum.
– Me har jo opplevd dette før i andre, større byar, og veit at det er eit stort arrangement med mykje folk og yrande folkeliv. Eg er spent på korleis det blir her i Sauda, og eg håpar at det kjem mange folk, både turistar og fastbuande, seier Silje.
Dei sykkelfrelste gutane Kaspar og Torgeir Fatnes Skaarer og Emrik Hoftun ladar gjerne opp med Tour des France-sendingar på tven. Når Ryfylke spør om kva for ein syklist som er best er dei veldig samstemte alle tre:
– Sagan og Kristoff!!
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.