FORNØGDE: Rektor Lars Terje Sandvik synest eksamensresultata til tiandeklassingane var gode. (Foto: Even Emberland)
FORNØGDE: Rektor Lars Terje Sandvik synest eksamensresultata til tiandeklassingane var gode. (Foto: Even Emberland)

Elevane gjorde karakterbyks

Tiandeklassingane scora 0,8 karakterpoeng høgare i snitt på årets skriftlege eksamen samanlikna med i fjor.

Medan skuleelevar har tatt sommarferie og skuleadministrasjonar gjer unna dei siste arbeidsoppgåvene før også dei kan ta sommarferie, tikkar det inn meldingar frå Utdanningsdirektoratet om nasjonale resultat på eksamenar.

Ved Sauda ungdomsskule scora dei 29 elevane som var oppe til skriftleg eksamen eit snitt på 3,5 i engelsk. Det er 0,8 betre enn fjorårets resultat ved ungdomsskulen. Då var elevane oppe i matematikk, kor dei fekk ein snittkarakter på 2,7.

3,5 i snittkarakter er identisk med fjorårssnittet blant tiandeklassingar i engelsk skriftleg. I år auka det nasjonalt til snittkarakteren 3,8.

– Det er ikkje noko dårleg resultat. Me er rimeleg greitt fornøgde. Det viktigaste for oss er å samanlikne det med standpunktkarakterane til elevane. Me ser at nokre få har gått ned, men alt i alt harmonerer det med standpunktkarakterane, seier ungdomsskulerektor Lars Terje Sandvik.

Sandvik opplyser at karaktersnittet blant elevane på munnleg eksamen var 4,25.

– Det er me godt fornøgde med. Me får ikkje samanlikna det med nasjonale resultat før langt utpå hausten, men eg trur det er eit snitt som står seg godt uansett. Elevane våre har over tid gjort det veldig godt på munnleg eksamen.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.