SKILTING: Bjørn Idar Djuvik (til venstre), Frode Pettersen og andre næringslivsleiarar Ryfylke har snakka med, trur skilting og tydeleg informasjon om kva Sauda har å tilby er ein nøkkel for å få fleire turistar til å stoppe i Sauda. (Foto: Even Emberland)
SKILTING: Bjørn Idar Djuvik (til venstre), Frode Pettersen og andre næringslivsleiarar Ryfylke har snakka med, trur skilting og tydeleg informasjon om kva Sauda har å tilby er ein nøkkel for å få fleire turistar til å stoppe i Sauda. (Foto: Even Emberland)

Trur på skilting og informasjon

Ryfylke har spurt ulike næringslivsleiarar om deira synspunkt på turisme og moglegheitene i Sauda.

Sauda har fått turistattraksjonar som turistanlegget i Allmannajuvet og eit utandørs badeanlegg. I tillegg er Nasjonale turistvegar lagt gjennom Sauda, med internasjonal marknadsføring. Debatten har starta om korleis saudasamfunnet skal utnytte turistpotensialet.

På denne sida finn du heile tida siste nytt om Allmannajuvet.

Ryfylke har spurt næringslivet som ikkje jobbar i reiselivsnæringa om kva dei meiner om turisme.

Frode Pettersen
Dagleg leiar i Ryfylke Elektro

– Det som er viktig for å få turistar til å stoppe i Sauda er informasjonsskilt og å halde det ryddig og reint. Eg merker det sjølv når eg er ute og reiser som turist. Eg stoppar og les informasjonsskilt om kva som befinn seg på plassen. Informasjonsskilt er ikkje kostbart.

– Kvifor renn det ikkje vatn i turbinhjulet ved bankplassen? Rennande vatn har ei magisk tiltrekkingskraft. Ein burde lage til eit lite basseng ved turbinhjulet. Deretter kunne ein installere ei pumpe og pumpe vatnet rundt og rundt.

– Det eg brenn for er hyttebygging. Eg meiner mest muleg hyttebygging er bra for Sauda, når ein ser kva hytteturistane legg igjen i saudasamfunnet. Eg ønsker eit «mini-Geilo» i Sauda. Kvifor trur du Peppes Pizza ligg på Geilo?

Bjørn Idar Djuvik
Dagleg leiar Djuvik Maskinering

– Eg har veldig tru på skilting og informasjonsarbeid. Er severdigheitene i Sauda godt nok skilta? Mange turistar som skal gjennom Sauda har kanskje ikkje lest om Sauda på nett. Då er det viktig å gi dei informasjon langs vegen slik at dei stopper i Sauda. Eg meiner det må bli skilta i god tid før severdigheitene. Passerer du Allmannajuvet eller Svandalsfossen så er det for seint. Du får ikkje til å snu å kjøre tilbake igjen.

– Det nye utandørs badeanlegget er ikkje synleg frå hovudvegen. Er dette badeanlegget godt nok skilta slik at turistar blir oppmerksam på det? Kanskje burde det bli gjennomført undersøkingar blant turistane som drar til Sauda om kva dei får med seg av informasjon og ikkje.

På denne sida finn du heile tida siste nytt om Allmannajuvet.

Vil du lese meir om kva andre leiarar meiner? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.