DYREKJÆR: Emilie Sandal vil mellom anna starte opp sin eigen hundebedrift. (Foto: Frank Waal)
DYREKJÆR: Emilie Sandal vil mellom anna starte opp sin eigen hundebedrift. (Foto: Frank Waal)

Hakuna matata

Emilie Sandal drøymer om eit småbruk, sin eigen lille «hundebusiness» og ein Disney-butikk.

Å be ein person stille opp til eit portrettintervju medfører gjerne litt overtalelse. Den forrige personen denne journalisten portretterte er 95 år gamal. Nå var det på tide med ein ung representant blant kommunens innbyggarar. Etter nokre dagars grubling fall valet på 21 år gamle Emilie Sandal. Ein lang overtalelsesprosess og ufarleggjering var øvd inn då journalisten ringte på.

– Ja, så klart, var det umiddelbare svaret frå 21-åringen, og journalisten blei ståande som eit stort spørsmålsteikn.

Emilie har vakse opp i Sauda. Etter vidaregåande skule ville ho vekk. Langt vekk.

– Eg var lei av Sauda og eg var veldig skulelei. Det var ikkje aktuelt å starte med ei utdanning. Valet fall på ein folkehøgskule i Hurdal. Dei har ei reiselinje som heiter «Explore Sør-Amerika». Eg hadde lyst å reise, seier Emilie.

I løpet av desse månadene tok ho eit val. Ho ville tilbake til Sauda.

– Sauda er ein bra plass, fann eg ut i løpet av desse månadene.

– Det er det som er heime og her eg har familien og mi tilhøyrigheit. Og eg har ein jobb eg er glad i.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.