Dronning Sonja kjem ikkje til Sauda. Det har det kongelege slottet stadfesta overfor Sauda kommune. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoff
Dronning Sonja kjem ikkje til Sauda. Det har det kongelege slottet stadfesta overfor Sauda kommune. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoff

Dronninga vurderer Sauda-besøk

Folkets Hus og fylkesmannen jobbar for å få dronning Sonja til opninga av Folkets Hus. Nå må dei vente i spenning etter Slottets foreløpige svar.

Folkets Hus skal opnast med pomp og prakt den siste veka i april neste år. Nå håpar Sauda kommune at prikken over i-en blir at dronning Sonja opnar det historiske bygget.

Ryfylke rettar: Kultursjef i kommunen Åshild Marie Øverland skriv i ein epost til Ryfylke at dronning Sonja ikkje er invitert til å opne Folkets Hus, men at ho er invitert til ei av festframsyningane under opningsdagane.

– Kven som skal opne Folkets Hus er framleis ikkje bestemt. Omsynet til Folkets Hus si fortid og framtid som Folkets Hus – eit hus for alle – blir viktig når me skal bestemma dette, skriv Øverland.

Søknaden blei sendt til Slottet tidlegare i sommar.

– Det er foreløpig for tidleg å gi noko bestemt svar på om H.M. Dronninga vil ha anledning til å delta ved dette arrangementet. Eg skal difor få lov til å komme tilbake til saka, skriv Monica Watterud ved Det kongelege hoff i Slottets svar til Sauda.

Kulturhussjef Astrid Espeland har sidan opningsdatoen blei spikra jobba mykje med programmet. Under fana «Folkets Hus – Folkets Fest» er målet å lage eit program innhaldsrikt program og fleire markeringar som vil fange flest mogleg.

– Det er ikkje tilfeldig at me har spurt dronning Sonja. Me synest me har veldig kjekke ting å vise akkurat ho. Folkets Hus har ei heilt spesiell betyding, og veggmaleria er også restaurerte og flotte. I tillegg tenker me at det å komme til Sauda og Allmannajuvet må vere veldig kjekt. Me syntest det var litt sjølvsagt at me måtte spørje ho, seier Espeland.

Søknaden om å få kongeleg besøk til opninga av Folkets Hus har gått via fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.