SIGER: Glenn Tore Løland var best i Blefjells Beste. Her etter 20 kilometer av løpet. (Foto: Guro Vassend)
SIGER: Glenn Tore Løland var best i Blefjells Beste. Her etter 20 kilometer av løpet. (Foto: Guro Vassend)

Sprang til siger i ultraløp

Glenn Tore Løland var raskast i Blefjells Beste.

I fjellområdet Blefjell på grensa mellom Telemark og Buskerud sprang randoutøvaren Glenn Tore Løland laurdag ultraløpet Blefjells Beste.

27-åringen tilbakela dei 57 kilometerane og drygt 2000 høgdemeterane på 5 timar og 41 minutt, noko som heldt til siger, ni minutt føre andremann Simen Wästlund.

– Det var voldsomt kjekt. Det var eit kjempefint og nytt terreng som eg aldri har vore i før, og beina kjentest bra ut. Du får alltid vondt og må kjempe mot smerte i så lange løp, men det gjekk heilt fint, forklarer Løland.

Vinnartida hans er også ny løyperekord, i det som var den tredje utgåva av ultraløpet.

Alt om elleve dagar skal Løland til pers igjen. Då ventar Tromsø Skyrace, eit ultraløp over 53 kilometer som tar for seg 4600 høgdemeter.

– Konkurransane er ein del av det å bygge grunnlag for vinteren og randosesongen. I tillegg er mange av dei eg konkurrerer mot om vinteren med i Tromsø, og det verkar spanande å prøve. Det blir ei skikkeleg utfordring, og det er ein type konkurranse eg aldri har gjort før. Eg har lyst til å gjere det godt, men eg er mest med for opplevinga og for å oppleve nye ting, forklarer randoutøvaren.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.