– Medan andre etasje i sjukehusbygget var gjennom ei renovering på 1980-talet, har det ikkje blitt gjort noko med tredje etasje sidan 1950-talet. Det gjer ei eventuell større ombygging der langt meir omfattande enn i etasjen under. Men me vurderer å pussa opp og bruka areala til kontor, forklarer Aina Olene Tveit, kommunalsjef Helse i Sauda kommune.
Tredje etasje i sjukehusbygget har som andre etasje eit samla areal på 800 kvadratmeter. Etasjen var i fleire tiår brukt som kontor og bustader for helsepersonell. Etter 1980-talet har det vore lite aktivitet i etasjen.
– I ”moderne” tid har areala tidvis blitt brukt til hyblar og kontor for blant anna vikarlegar. Men det er gammalt og slitt, og er i realiteten altfor dårleg, seier Tveit.
Kommunen har nyleg fått signal om dei får 13,5 millionar kroner til opprustinga av andre etasje i sjukehusbygget. Denne ombygginga, som er i gang, skal resultera i ti institusjonsplassar.
Les meir om desse sakene i papiravisa i dag, tysdag, eller last ned eavis her