Det tyske ekteparet, som er i 60-åra, la ut på ein fottur frå området Breiborg søndag føremiddag. Dei gjekk seg bort i fjellet og varsla sjølve politiet i løpet av natta om at dei trengte hjelp til å kome seg ned frå fjellet.
Måndag morgon blei Røde Kors-mannskap kalla ut, samtidig som eit av forsvarets Sea King-helikopter hjalp til i leiteaksjonen.
Ekteparet var i området Tindane og leitemannskapa hadde derfor eit godt utgangspunkt for å vite kor dei kunne finne ekteparet.
Klokka 08.30 måndag morgon opplyser Hovedredningssentralen Sør-Norge til Ryfylke at ekteparet er funne av Sea King-helikopteret og brakt ned til vegen.
– Det står bra til med ekteparet, men dei er slitne og kalde etter å ha vore ute sidan søndag føremiddag, opplyser operasjonsleiaren på Hovedredningssentralen Sør-Norge til Ryfylke.
Ekteparet skal ha blitt funne ved Søre Tinden mellom Sauda og Røldal.