*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
RYKKA UT: Ambulansen rykka ut frå Sauda. Sjåføren i ulukkesbilen er frakta til Haugesund. (Arkivfoto)

Trafikkulukke ved Brudesløret

Eldre mann kjørte av vegen.

Klokka 10.04 fekk politiet melding om at det var skjedd ei trafikkulukke ved Brudesløret i Sauda. Ein bil skal ha kjørt ut av vegen i ei høgrekurve like ved tunnelen. Det skal ikkje ha vore andre bilar involvert i ulukka.

– Ein mann i slutten av syttiåra var åleine i bilen. Han er kjørt til sjukehuset i Haugesund for vidare helseundersøkingar, opplyser Jan Magne Østebøvik ved operasjonssentralen til Sør-Vest politidistrikt.