Åse og Ove Tøien var på Utsira eit par dagar. Då dei kjørte av ferga i Haugesund for å sette kursen heim til Ås i Akerhus, bestemte dei seg for å ta ei alternativ reiserute og kjørte gjennom Sauda.
– Me har aldri kjørt den ruta før. Me stoppa ikkje i Sauda sentrum, men då me kom til Allmannajuvet såg me at det var nokre bygningar og ein parkeringsplass. Me bestemte oss for å stoppe og sjå kva det var. Me har aldri høyrt om dette turistanlegget før, seier Åse Tøien.
Bjørn Vikedal og Linda Hallingstad bur i Vikedal og bestemte seg for å vere dagsturistar i Sauda for ein dag.
– Det var ikkje noko turvêr i dag, og det er siste dagen i ferien vår. Derfor bestemte me oss på impuls for å dra til Sauda for å sjå turistanlegget i Allmannajuvet.
Dei har lese om Allmannjuvet tidlegare gjennom media og var nysgjerrige på å sjå det. I tillegg har dei fått med seg at Sauda har fått eit utandørs badeanlegg.
Familien Maier frå Tyskland valde å ta ei overnatting i Sauda då dei oppdaga utebadeanlegget.
– Jentene såg at det var eit badeanlegg her, så då måtte me stoppa, seier Marlies Maier.
Ryfylke møtte familien ved bubilparkeringsplassen på Treaskjæret ein tysdag morgon i august
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.