– Eg går på jobb. Og så går eg heim. Eg har ikkje så mykje kontakt med andre. Det er litt vanskelig å bli kjent med folk, innrømmer Zhou Jie Yang.
Det er snart tjue år sidan han flytta til Sauda, ein vårdag i 1998, saman med kona og deira tre barn. For, etter å ha jobba fleire år på ein kinesisk restaurant på Austlandet, hadde han lyst til å driva ein restaurant sjølv.
Kommunen han flytta frå hadde asylmottak, og det var ein del uro, spesielt knytt til jugoslaviske flyktningar. Yang valde å ta familien til Sauda, ein liten og roleg industristad, der han hadde høyrt at folk var både snille og rolege. Han tenkte det ville vera ein bra plass å starta kinarestaurant, der han kunne gi innbyggarane mulegheiter til å smaka eksotisk og framand mat.
– Då me kom var det nesten ingen utlendingar her. Bare oss. Det var litt rart, hugsar han.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.