Ekteparet Nadine og Jonas Glaser la bryllaupsreisa til Norge og innom Sauda. Dei kom frå Bergen på søndag, og reiste vidare til Preikestolen, Stavanger og Jæren på måndag. Foto: Even Emberland.
Ekteparet Nadine og Jonas Glaser la bryllaupsreisa til Norge og innom Sauda. Dei kom frå Bergen på søndag, og reiste vidare til Preikestolen, Stavanger og Jæren på måndag. Foto: Even Emberland.

Ein sommar på det jamne for overnattingsbransjen

– Det kan alltid bli betre, er konklusjonen frå overnattingsbransjen i Sauda.

Sjølv om sola og varmen har prega Sauda i det siste, er sommaren på hell. Det blir også tydeleg hos dei ulike overnattingsaktørane i Sauda, som alle melder at straumen av turistar minkar frå nå av og i september samanlikna med tidlegare i sommar.

Ved Kløver Hotel rapporterer Jan Nordbø om ein sommar på det jamne kva gjeld turistar og overnattingar.

– Det er ganske likt fjoråret. Eg har ikkje tala føre meg, men også inntektene er nokolunde like samanlikna med 2016. Det har ikkje vore heilt fullt i sommar, men eg synest det har vore bra, sjølv om det alltid kan bli betre. Med tanke på turistar, har det største trykket vore i juli og august, seier Nordbø.

Førre fredag skreiv Ryfylke at det til då denne sommaren har regna 39 av 46 dagar sidan 1. juli, og at dei 25 siste dagane då saka blei skrive alle hadde blei rekna som regndagar.

At sommaren har vore skral vêrmessig, er noko Nordbø trekk fram som ei årsak som speler inn for dei som vurderer å overnatte i Sauda.

– Det har vore forferdeleg vêr i sommar, og då ser me at det er vanskeleg å fylle hotellet heilt opp. Det er mange som køyrer etter vêret når dei er på tur, og då får me ikkje dei gjestene.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.