Tommy Listøl liker ikkje å ta sorger på forskot. For han er MS-en bare ein diagnose på papiret, og han er sprekare nå, som 45-åring, enn han har vore nokon gong før. Foto: Ingvil Bakka.
Tommy Listøl liker ikkje å ta sorger på forskot. For han er MS-en bare ein diagnose på papiret, og han er sprekare nå, som 45-åring, enn han har vore nokon gong før. Foto: Ingvil Bakka.

Tommy ”Hillfighter”

Det verste Tommy Listøl veit er sjukdomsprat, og han nektar å la MS-diagnosen prega livet hans.

Det første Tommy gjorde etter at han blei fortalt at han hadde MS var å dra heim og søka opp informasjon på Google.

– Eg leste i fem minutt, og la vekk laptopen. Det var litt nedslåande. Eg valde å ikkje lesa meir, og tenkte vel at ”den tid, den sorg”. Eg trur vennene mine har meir kunnskapar om sjukdommen enn eg har, fortel Tommy Listøl.

Det er nå snart sju år sidan han fekk MS-diagnosen.

Intervjuet blir gjort ute i hagen på Saua Gard, ein tysdag i august, på ein ganske så uvanleg solskinsdag. Hadde det ikkje vore for det planlagde intervjuet hadde nok Tommy for lengst vore på veg til ein eller annan nut i Saudafjella. I sommar har han tatt seg opp til seks av dei sju nutane i Sauda Seven Summits – to gonger. På Storaheinuten har han ”bare” vore på ein gong i sommar.

– Eg føler meg i bra form. Eg har eit trøblete kne og ein rygg som av og til slår seg vrang, men skavankane mine har ingenting med MS-en å gjera, seier han.

– Er det alderen som begynner å tynga?

– Hehe, ja, noko må det jo vera. Eg har jo ingen tøffe idrettsskader å skulda på heller, smiler 45-åringen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her