Sauda får pengar til ei rekke små og store prosjekt dei neste åra. Foto: Edd Meby.
Sauda får pengar til ei rekke små og store prosjekt dei neste åra. Foto: Edd Meby.

140 millionar til vegprosjekt i Sauda

– Det største løftet for Sauda på vegsektoren på mange, mange år, seier ein strålande fornøgd ordførar.

Fylkeskommunen har presentert sitt forslag til vegprosjekt i Rogaland dei neste seks åra. Forslaget viser at fylkeskommunen er klare til å gjennomføre ei rekke ulike tiltak innanfor kommunegrensene til Sauda. Til saman er dette tiltak som er kostnadsrekna til 140 millionar kroner.

Det dyraste prosjektet er gang- og sykkelveg frå Gausvik ved Svandalsfossen til Saua Gard. Det er sett av 30 millionar kroner. I tillegg skal syklistar og gåande sikrast gjennom Nestunnelen i toppen av «tunnelbakken». Ein «sykkeltunnel» er budsjettert med 29 millionar kroner.

Også ei gangbru rett på nedsida av servicebygget til Sauda Skisenter er inne. I dag må gåande bruke vegbanen når dei skal over den siste brua før skisenteret.

Brugata som miljøgate gjennom Sauda sentrum er også inne i planen. Den er kostnadsrekna til ti millionar kroner. Det er også lagt inn ein forstudie der Sauda skal bli vurdert som den neste sykkelbyen i Rogaland. Initiativet til dette skal visst nok kome frå fylkesadministrasjonen.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.