*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
Stig Wedvik driv leilegheitshotell i Mexico. Han merka ingenting til jordskjelvet. Foto: Privat.

Merka ikkje jordskjelvet

Saudabuen Stig Wedvik, som driv hotell i Mexico, merka ingenting til jordskjelvet tysdag.

– Skjelvet tysdag var veldig langt unna, så det var det ingen her som merka. Eg var på treningssenteret, og så blei det snakk om det. Me byta kanal, og det var ei ubehageleg stemning, for rykta begynte straks å gå om tusenvis av drepne, fortel Stig Wedvik.

Han driv leilighetshotellet Flamingos Inn i den vesle fiskarlandsbyen Chuburna i Mexico.

Denne ligg på vestkysten av Yucatan-halvøya inn mot Mexicogulfen, og ligg langt unna hovudstaden Mexico City, som er hardt ramma av jordskjelvet.

Jordskjelvet tysdag målte 7,1 på Richters skala.

Det er for tida uklart kor mange menneske som har omkomme, i skrivande stund er det meldt om mellom 200 og 300 døde.

Stig Wedvik fortel at han har mange venner og kjente i dei jordskjelvramma områda, og at han nå prøver å få ha ei opptelling over kven som melder seg på Facebook.

– Men det er framleis mange eg ikkje har høyrt noko frå, men det kan jo ha sin naturlege årsak sjølvsagt. Mange har mista straumen og så vidare, seier han.

Også for to veker sidan blei Mexico ramma av jordskjelv, som då målte heile 8,1 på Richters skala. 90 menneske mista då livet.

– Det første merka ein godt her også. Det kom cirka 30 minutt etter midnatt, og eg hadde lagt meg. Eg må tydelegvis ha sovna fort og tungt, eller rett og slett tenkt at det var lyd frå bølger. Eg merka ingenting, fortel Wedvik.