– Planen er å leiga areala i første etasje ut til næring, og elles leiga ut dei tre leilegheitene i bygget, forklarer Asle Rafdal, dagleg leiar i Ryfylke Bygg AS.
Leif Moe-bygget låg tidlegare vegg-i-vegg med Øyra Bakeri-bygget. Bakeriet blei i mai i fjor ramma av ein voldsom brann. Brannen gjorde så store skader at bakeribygget måtte rivast. Også Leif-Moe-bygget fekk røyk- og vasskader, og jernvareforretninga i førsteetasjen har vore ute av drift sidan brannen for 16 månader sidan. Nå vil Ryfylke Bygg renovera bygget.
Asle Rafdal fortel at hovudgrunnen bak kjøpet er å skaffa bedrifta arbeid komande vinter, ei tid som ofte er prega av rolege tider i byggebransjen.
– Her er mykje jobb til oss. Me skal blant anna skifta kledning, vinduer og tak, og renovera leilegheitene, fortel han.
Eigedommen, Rådhusgata 27, blei ifølge boka ”Norges bebyggelse”, ført opp i 1929, og bar lenge namnet Vegheim. Jan Windsholt, spesialrådgivar hos Rogaland fylkeskommune, har tidlegare uttalt til Ryfylke at bygget er eit av hans favorittar i Sauda, med sine mange fine og spesielle særtrekk. Rafdal fortel at Ryfylke Bygg har vore i kontakt med Windsholt, og vil gjera alt dei kan for at bygget ikkje skal mista sitt historiske særpreg.
– Me ønsker å ta vare på bygget, og målet er å renovera det slik at det blir mest muleg likt slik det var originalt, seier han.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her