Ryfylke får bli med bussjåfør Åge Seljestad på rute 150, ein torsdag føremiddag. Åge har jobba som bussjåfør i over tjue år, og fortel at passasjertalet varierer veldig, alt etter vekedagar og vêret. Ruta går frå sentrum, via Coop, gjennom Åbøbyen, over Solbrekk, opp Espelandsvegen, over til Djupadalen – og me er først halvvegs nede i Åbødalen før dei første passasjerane vinkar på bussen.
Terje Austarheim og Kim Lie skal ned til sentrum.
– Eg tar nok bussen tre-fire gonger i veka. For meg er det veldig greitt å ta buss, iallfall i dette vêret, seier Terje.
Han liker ikkje Kolumbus sine planar om å legga ned rutebusstilbodet og opprettinga av den nye henteordninga.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.