Dagens Næringsliv presenterer kvart år liste over norske gasellebedrifter. Gasellene er Norges raskast veksande og mest vellukka bedrifter.
Ei gasellebedrift må minst ha dobla omsettinga på fire år, og tena pengar. I Rogaland er det i 2017 kåra 153 gasellebedrifter, der éi av desse er registrert i Sauda.
På 118. plass finn me den relativt nye bedrifta Fjord & Fjell Sunnkost AS. Saudabedrifta, med Roger Vik i spissen, gjekk frå ei omsetting på 5,4 millionar i 2015 til ei omsetting på 10,5 millionar i 2016 – ein vekst på heile 110 prosent.