Ronny Hauge. Foto: Edd Meby.
Ronny Hauge. Foto: Edd Meby.

Energibunt med stort hjarte

Under treningsdrakta har Ronny Hauge eit hjarte som bankar for fotball og ungane sine. Eit stadig større hjarte.

– Du hugsar han svømmaren frå Bergen, Alexander Dale Oen?

– Han som døydde av hjartesvikt?

– Ja, vi har same problemet, eit hjarte som veks.

Eg og Ronny Hauge sit i kvar vår ende av vinkelsofaen i huset han leiger oppe på Solbrekk. Han har kokt kaffi og trekt opp gardinane. Bikkja ligg på plassen sin. Elles er rommet dominert av eit stort fuglebur og ein enda større tv-skjerm. Eg har akkurat tenkt å varme opp med litt fotballprat når Ronny tar styringa på samtalen.

– Eg har bestemt meg for å vere ærleg. Det er ein del ting eg må seie akkurat som dei er, seier han – og her kjem eit redigert opptak av den påfølgande samtalen.

Det er ei fortelling om eit liv som ikkje har vore heilt A4, om eit vanskeleg utgangspunkt, ei fotballegende, om kjærleik, dårleg samvit og energi. Mykje energi.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.