Klokka halv elleve torsdag føremiddag la operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt ut melding på Twitter om at Fylkesveg 520 er stengt for trafikk ved Svandalsfossen.
OPPDATERT KLOKKA 11.13: Vegen blei opna igjen klokka 11.13 torsdag føremiddag, med manuell dirigering på staden.
– Kun utrykningskøyretøy kan passere. Årsaka til at vegen er stengt, er stor vasstand i fossen, skreiv politiet då vegen blei stengt.
Vegtrafikksentralen vest informerer også om situasjonen på Twitter. Dei skriv mellom anna at eit entreprenørfirma har vakter på begge sider av fossen.