Før ho reiste til Oslo, trente Hildeborg Juvet Hugdal benkpress med opptil 100 kilo. Nå må ho tilbake til å løfte ei halvliters vassflaske. Foto: Even Emberland.
Før ho reiste til Oslo, trente Hildeborg Juvet Hugdal benkpress med opptil 100 kilo. Nå må ho tilbake til å løfte ei halvliters vassflaske. Foto: Even Emberland.

Tøffe tak for Hildeborg Juvet Hugdal

Besøket hos spesialisten ved Olympiatoppen blei eit slag i trynet for styrkeløftaren.

Det var med stor spenning Hildeborg Juvet Hugdal tok turen til Oslo og Stein Tyrdal, spesialist på olbogeskadar, som samarbeider tett med Olympiatoppen i førre veke.

Saudabuen trudde ho skulle få eit endeleg svar på om det blir operasjon eller ikkje av hennar venstre olboge, etter den stygge skaden ho pådrog seg i europameisterskapet i vår. Då Ryfylke snakka med styrkeløftaren etter osloturen, er ho tydeleg på at ho ikkje fekk dei svara ho håpa på.

– Det blei eit slag i trynet. Det var ein skikkeleg nedtur. Eg følte jo at eg var skikkeleg på gang igjen, men Tyrdal var ikkje fornøgd. Han var brutalt ærleg. Det er ein heftig skade, og det er eit problem å få olbogen heilt ut og full strekk på leddet, seier Hugdal.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.