– Rådmannen har i budsjettet for 2018 sett av 500 000 kroner til arbeidet med å finna ei løysing i saka. Klarer ein det, blir det for dumt å ikkje kunna begynna på jobben Høgre meiner det må settast av pengar til dette alt i budsjettet for neste år, seier Knut Atle Seim, gruppeleiar for Sauda Høgre.
Det er fleire hytte- og bustadprosjekt i Saudasjøen på gang. Statens vegvesen har satt ned foten og sagt at dei ikkje ønsker nye store prosjekt før ei betre kryssløysing ved Grøndal er på plass. Dei nye utbyggingsprosjekta i Nordstøldalen, ved Nestjødnane og på Teien vil medføra betrakteleg meir trafikk i Grønsdal-krysset.
Vegvesenet meiner krysset ikkje er trafikksikkert nok til dette, og krev ei ny og tilfredsstillande løysing i området ved fylkesvegen mellom Nesbrua og Nestunnelen før prosjekta kan tas vidare.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.