Ordførar Asbjørn Birkeland og kona Tone blir foreldre igjen i april. Ekteparet, der begge er passert 36 år, tenkte det var ”nå eller aldri” viss dei skulle ha fleire ungar. Alle foto: Ingvil Bakka.
Ordførar Asbjørn Birkeland og kona Tone blir foreldre igjen i april. Ekteparet, der begge er passert 36 år, tenkte det var ”nå eller aldri” viss dei skulle ha fleire ungar. Alle foto: Ingvil Bakka.

Fruktbar politikk

I sist valperiode blei det bare fødd eitt ”kommunestyre-barn”. To år ut i inneverande periode er det fødd fire – og eitt er på veg. I tillegg blei eitt barn fødd midt i valkampen.

– Dette slår fast at politikarane ikkje bare snakkar om den negative folketalsutviklinga. Dei viser seg som handlingens menn og kvinner, som legg seg ned og gjer noko med utfordringane, seier ei munter jordmor Torunn Djuvik.

Ryfylke har snakka med dei handlekraftige lokalpolitikarane som med sin stå på-vilje har bidratt til folketalsutviklinga i 2015, 2016 og 2017.

Asbjørn Birkeland og kona Tone hadde to små barn, ei jente og ein gut, då Asbjørn blei valt til ordførar hausten 2015. I dag er Alma åtte år og Rasmus er fem. I april ventar ekteparet barn nummer tre – eit godt planlagt barn, sjølv om dagane er travle i den unge ordførarfamilien. Skulle dei venta med familieauken til ordførarperioden til Asbjørn er over, kan ekteparet fort bli for gamle.

– Ein kan ikkje la ytre faktorar påverka slike viktige val i livet, seier Asbjørn.

Med erfaringar med svangerskap, fødsel og livet med to barn er han og Tone både godt førebudde og klare for å få eit nytt barn i familien.

Asbjørn er ikkje så sikker på om det nødvendigvis blir travlare med eit spedbarn i huset enn kvardagane er nå. Det er bare så vidt han har tid til å bli med heim for å ta eit bilde saman med Tone og gravidmagen hennar.

– Det er nok eg som får det meir travelt, kommenterer kona.

Kor vidt Asbjørn kjem til å ta pappaperm utover fedrekvoten på ti veker er ennå litt usikkert.

– Me driv og sjekkar akkurat dette. I og med at eg har eit verv som ordførar er det nok litt andre reglar. Truleg må slikt bestemmast av kommunestyret, seier Asbjørn.

Uansett, han ser ikkje bort frå at han kjem til å delegera nokre arbeidsoppgåver til administrasjonen og varaordførar når livet er på det mest travle.

Elles har familien god hjelp av familiane sine i Sauda. Det hjelper også på at Alma og Rasmus er blitt såpass store at dei klarer mykje sjølv.

Babyen er venta i slutten av april, og viss kollegaene til helsesøster Tone har sett rett, blir det ei jente.

Les meir om dei andre saudabuane som har blitt foreldre medan dei er aktive politikarar i papiravisa som komut tysdag 19. desember.