Torbjørn Vang har det travelt i dag, julafta. Han skal besøke innesette i fengsel og delta i gudsteneste på Marvik før julefreden senkar seg på Brekke. Foto: Edd Meby.
Torbjørn Vang har det travelt i dag, julafta. Han skal besøke innesette i fengsel og delta i gudsteneste på Marvik før julefreden senkar seg på Brekke. Foto: Edd Meby.

Ein major og ein plan

Det er ikkje bare Egon Olsen som har ein plan.

– Eg er ikkje så lett på foten lenger, seier han og kler av seg vinterjakka.

– Trenar du noko?

– Nei, men eg gjer førefallande arbeid, klipper plenen og køyrer snøfresaren.

– Så du er ein slik handyman?

– Ja!

– Kva er du god på, då?

– Alt! Hahaha…

Ein samtale med Thorbjørn Vang er ei tidsreise. Frå dei første minna på den beskjedne heimgarden ved Flekkefjord, til krigsåra, vegen til Gud, reisene og heilt fram til inngangen til Coop Extra i Sauda, der Vang i det Herrens år 2017 tar imot lokalbefolkninga sine almisser utstyrt med det mest moderne av betalingsmiddel – Vipps. Thorbjørn kjem frå ei tid som gjer at han forundra kan sjå på bankkontoen sin der pengane kjem inn kvar månad utan at han arbeider, og tenke at pensjon – det er ein stor ting.

Dei kloke auga har sett mykje (bortsett frå det eine som skal opererast etter jul), panneluggen er kortare, og nei, kanskje er han ikkje så lett på foten som før – men han lar seg ikkje stanse av det. Slett ikkje. Han køyrer bil, bruker nettbanken sjølv og er på Facebook. Han måtte ta seg i nakken, seier han, for ikkje å bli etterlate i den digitale veggrøfta, men pressa seg til å vere med på utviklinga. Han ser nok både problem og hindringar i livet, Thorbjørn Vang. Han lar seg bare ikkje imponere så veldig av dei.

– Ungane mine ber meg om å trappe ned. Herregud, da kjem eg jo ut av planen!

– Korleis opplever du å bi gamal?

– Eg har jo ikkje prøvd det før, då. Meg eg kan ikkje tenke meg å sette meg ned!

Les meir om Vang i papiravivsa som kom ut fredag 22. desember, eller last ned eavis  her