Bil-sykkel-kollisjon ved Fløgstad skule

Onsdag ved 16.30-tida fekk politiet melding om at det hadde vore ein samanstøyt mellom ein bil og ein syklist i krysset Åbødalsvegen-Kongsvegen. Syklisten, ein ti år gammal gut, blei sendt til legevakta for ein sjekk. Her blei det ikkje funne verken brot- eller hovudskader og den forulukka ser ut til å ha kome ifrå det heile med nokre skrubbsår.
– Det ser ut som om bilen har stått i ro i det sykkelen trefte, opplyser politioverbetjent Thomas Breivik, som legg til at bilføraren rutinemessig blei avhøyrt etter hendinga. Kollisjonen var den andre mellom bil og sykkel på to dagar i same området.
– 10-åringen hadde hjelm. Tenåringen som kolliderte tysdag hadde ikkje; han fekk konstatert hjernerysting, fortel Breivik.
– Bruk hjelm! er den klare oppmodinga frå overbetjenten.