Helikopteret kjører i skyttertrafikk mellom elva og skogen der det brenn. Foto: Frank Waal.
Helikopteret kjører i skyttertrafikk mellom elva og skogen der det brenn. Foto: Frank Waal.

Helikopter pøser på vatn

Det er mykje vind og røyk i området. Sløkkearbeidet pågår for fullt.

Like rundt klokka 15.00 i dag, tysdag, blei det meldt om ein gras- og lyngbrann inne ved Verdens Ende/Lona i Sauda. Det heile utvikla seg til ein større skogbrann. Både brannvesen, sivilforsvar og frivillige bønder med vannfylte gjødselsvogner bidrar i søkkearbeidet.

Ryfylke sin journalist Frank Waal har vore på staden og fortel at det er vanskeleg å sjå kor stort område som brenn, grunna mykje røyk og sterk vind. Han har snakka med politibetjent Øyvind Dybing, som fortel at politiet ikkje har oversikt over status på brannen, og at alt fokus nå handlar om å få stoppa brannen.

– Det er sett opp politisperringar ved dei innerste husa før koplingsanlegget til Statnett. Derifrå er det vanskeleg å sjå kor mykje areal som faktisk står i brann. Brannen synest å trekka seg innover i skogen, rapporterer Waal.

Eit helikopter flyr i skytteltrafikk mellom elva og brannområda, og pøser på med vatn over skogen.

Dette bildet er tatt frå Birkeland-sida. Foto: Frank Waal.