Sauda IL G-16 har nådd A-sluttspelet i Norway cup. Her frå pausepraten i oppgjeret mot Brattvåg, ein kamp som endte 1-1. Foto: Harald Halvorsen Løland.
Sauda IL G-16 har nådd A-sluttspelet i Norway cup. Her frå pausepraten i oppgjeret mot Brattvåg, ein kamp som endte 1-1. Foto: Harald Halvorsen Løland.

Sauda kom til A-sluttspelet

Heldt gruppevinnaren til uavgjort, men måtte strekka våpen i 32-delsfinalen.

Ein siger og to uavgjorte kampar i gruppespelet var nok til at 16-årslaget til Sauda IL avanserte til A-sluttspelet i Norway Cup. I tysdagens kamp møtte Sauda Sund SK frå Sotra, eit lag som med to solide sigrar alt var klare for avansement i turneringa.

Trenar Steinar K. Løland fortel om ein litt annleis kamp enn dei to føregåande:

– I dag møtte me nok eit lag som var betre enn oss og som hadde mykje ball kampen igjennom. Våre gutar la ned ein formidabel innsats og meir eller mindre kjempa motstandaren ut av stilen.

Tok leiinga
Trass i tøff motstand var det saudalaget som tok leiinga. Alt etter fire minuttars spel blei Even Rafdal spelt gjennom, og åleine med keeper gjorde han ingen feil.

Leiinga heldt seg til midtvegs ut i andre omgang, då Sund fekk si fortente utlikning på eit straffespark. Etter at to gonger 25 minutt var over stod det framleis 1-1 i målprotokollen. Dermed har Sauda spelt seg til A-sluttspel – og dei har ordna det heilt på eiga hand, utan å vera avhengige av resultatet frå andre kampar.

Snipp, snapp, snute
Første hinder på vegen i cupspelet var FK Landsnes frå Harstad i ein kamp som gjekk alt klokka ni onsdag morgon. For å gjera ei lang historie kort – her enda Norway Cup-eventyret for denne gongen for Sauda-gutane. Troms-laget vann til slutt 3-0, og møter Sykkylven i 16-delsfinale seinare same dag.

– Sigeren var nok fortent, dei var eit betre lag enn oss, medgir trenar Steinar K. Løland. Tromsingane tok leiinga drygt halvvegs ut i den første omgangen. Det siste som skjedde i denne omgangen var at dei la på til 2-0, uheldigvis for Sauda.
– Gutane kjempa godt, men denne gongen heldt det ikkje, slår Løland fast. Dermed blir saudagutane turistar i Tigerstaden eit par dagar, før dei vender nasen vestover igjen fredag eller laurdag.
– Me er godt fornøgde med det laget har prestert, og me fortel til spelarane at A-sluttspel og god innsats absolutt er noko dei kan vera stolte av, seier trenaren, ein liten halvtime etter at tapet er eit faktum.

– Gutane er naturleg nok litt skuffa akkurat nå. Men stemninga i laget er god, og etter kva eg høyrer er det visst veldig mange fine jenter å sjå på her borte, og det blir det jo godt tid til no, avrundar Steinar K. Løland muntert.