– Ikkje noko bryllups-rush

Ved årsskiftet fekk kommunane overført ansvaret for borgarlege vigsler frå domstolane. I Sauda delegerte kommunestyret oppgåva til ordførar og varaordførar.

– Det har ikkje vore så voldsomt stor pågang. Eg har vigd totalt fem par, opplyser ordførar Asbjørn Birkeland, og legg til at det er planlagt ytterlegare tre-fire vigslar i haust.

Alle dei fem gjennomførte vigslene har skjedd innanfor dei fastsette rammene, det vil seia i rådhuset og på fastsette dagar.

– Korleis tenker du om denne oppgåva?

– Personleg synest eg det er litt rart; eg er folkevald og «tatt inn frå gata», og har ikkje erfaring med slikt. Men me har fått oppgåva, løyser den så godt me kan og prøver å gjera det verdig og høgtideleg.

Ordføraren fortel at kommunestyret skal evaluera ordninga etter ei tid, og at han ikkje er framand for eventuelt å delegera oppgåve til andre, slik regelverket gir høve til.