Låg arbeidsløyse

Ved utgangen av juli månad er til saman 31 saudabuar registrert som heilt arbeidslause. Dette er 28 færre enn i fjor på same tid, ein nedgang på heile 47 prosent. Dei 31 utgjer 1,3 prosent av arbeidsstyrken. Tar ein med dei som er engasjert i ulike arbeidsmarknadstiltak, er arbeidsløysa i kommunen på 1,9 prosent. Sauda er saman med Haugesund dei kommunane som har størst del av arbeidsstyrken på tiltak med 0,6 prosent.

Blant kommunane på Haugalandet er det berre Suldal som kan skilta med betre tal. I nabokommunen har arbeidsløysa tradisjonelt vore låg, og ligg nå på èin prosent av arbeidsstyrken.

Også på fylkesbasis peikar pilene rett veg. Ved utgangen av juli var 7440 personar heilt utan arbeid, noko som er 26 prosent færre enn i fjor på same tid i 2017. Tar ein med personar på arbeidsmarknadstiltak, er den samla arbeidsløysa 8778 personar eller 3,5 prosent av arbeidsstyrken, går det fram i ei pressemelding frå NAV

– Arbeidsmarknaden i Rogaland er framleis i ei positiv utvikling og det er spesielt gledeleg å sjå at det er stor nedgang i arbeidsløysa blant dei som har vore registrert i meir enn 26 veker, seier Anneline Teigen, fungerande direktør i NAV Rogaland.