Delar av vegen i Ringhagen i Saudasjøen er stengt for trafikk. Det skjer som ei følge av at det skal bli lagt nytt vass- og avløpsanlegg i ein liten bit av gata nærmast Grønsdal.
– Tiltaket går på å legge nytt vass- og avløpsanlegg i Ringhagen for å få ei ringsløyfe på vannforsyninga, skriv teknisk eining ved saksbehandlar Øydis Teig Skåre i eit brev til Forskaling AS datert 2. august.
I brevet gir teknisk eining Forskaling AS løyve til å gjere og ha ansvaret for arbeidet.
Ifølge gjennomføringsplanen Forskaling AS har for prosjektet, skal ein både legge nytt vass- og avløpsanlegg for den aktuelle strekninga, i tillegg til å renovere vegen.
Vegstrekninga som blir renovert i samband med prosjektet er Ringhagen-vegen frå avkøyring frå Grønsdal til den vesle toppen på den andre sida av Ringhagen, like før vegen stuper ned mot vegen som går forbi Rødstjødna og til Nordstøldalen.
– Me skal knyte to vassystem saman for å få ein ringleidning. Det gjer vasskvaliteten i området mykje betre. Me skal også skifte masse i vegen og gjere den betre, som ein konsekvens at me nå gjer VA-jobben. Det er bonusen. Så vil me antagelegvis legge lågspent og fiber frå Haugaland Kraft også. Det er ikkje heilt avklart ennå, men me håpar på det, seier Arve Ripland ved teknisk eining.
– Kor lang tid vil prosjektet ta?
– Kvalifisert gjetting er at det tar to månader. Håpet og målet er at me blir heilt ferdige i løpet av hausten og får lagt ny asfalt på vegen i år. Me veit aldri korleis hausten blir vêrmessig, men det er det me håpar på, forklarer Ripland.