Får skjenka i Folkets Hus

Folkets Hus byr på eit rikhaldig kulturprogram heile hausten. Nå er det klart at gjestene ved ei rekke tilstellingar får høve til å nyta dei kulturelle hendingane med noko godt i glaset attåt.

Ryfylke Mat søkte i sommar om ambulerande løyve til å skjenka øl, vin og brennevin ved bestemte arrangement i kulturhuset i haust. Nyleg kom svaret frå Sauda kommune, som gav søkaren løyve til å skjenka i Lillesalen og Storesalen i samband med i alt 15 arrangement, somme av dei over fleire dagar. Heller ikkje NAV eller politiet hadde innvendingar mot å imøtekomma søknaden.