Rådmannen innstiller på ikkje å gi Sauda sanitetsforening fritak for husleige. Arkivfoto.
Rådmannen innstiller på ikkje å gi Sauda sanitetsforening fritak for husleige. Arkivfoto.

Føreslår å avslå Sanitet-søknad

Tilbyr alternativt møtelokale.

Sauda Sanitetsforening har søkt Sauda kommune om fritak for hus- og ”kopp”-leige for møta dei åtte-ni gonger i året har på Høllandstunet. Kommunalsjef Aina Olene Tveit har behandla saka på vegner av rådmannen, og føreslår at politikarane avslår søknaden frå sanitetsdamene. Tveit anslår at leiga Sauda Sanitetsforening skal betala for åtte møter i året dreier seg om ei årleg inntekt på 4000 kroner for kommunen.

I saksframlegget som politikarane får på bordet sitt onsdag i neste veke, blir det føreslått at Sauda Sanitetsforening gjerne kan bruka møterommet på biblioteket, som er gratis å låna.

Samtidig blir det opplyst at rådmannen legg opp til at betalingssatsar for leige av kommunale lokal skal vera ein del av budsjett og økonomiplan for 2019-2022.