Like etter klokka 9 onsdag morgon melde politiet om at mannen som blei overraska av regn og tåke tysdag kveld no var funnen. Frå Skaulen-området (stor ring) blei mannen leia ned til bilveg ved Breikvam (liten raud ring).
Like etter klokka 9 onsdag morgon melde politiet om at mannen som blei overraska av regn og tåke tysdag kveld no var funnen. Frå Skaulen-området (stor ring) blei mannen leia ned til bilveg ved Breikvam (liten raud ring).

Funnen i god behald ved Skaulen

Saudamannen kom til rette onsdag morgon.

Det var klokka 19.15 tysdag kveld at politiet fekk melding frå ein mann som ikkje klarte å finna vegen ned igjen etter å ha vore på tur i Skaulen-området. Vêret i området var svært bra i tysdag ettermiddag, men i 17-18-tida begynte det å gråna, med regn og tåke i fjellheimen.

Det blei umiddelbart sett i gang ein bergingsaksjon både frå Sauda- og Suldalssida.

– Patruljen har rykka ut og har vore i telefonkontakt med mannen. Ein veit omtrent kor han kan vera, og eg reknar med at ein vil begynna å gå søk etter han, opplyste Bjørn Mælen, vaktsjef ved politiet i Haugesund.

Ved 9-tida onsdag morgon melde Politiet i Sør-Vest på sin twitter-konto at mannen i 20 åra var funnen.
Tilstanden til den bortkomne blei beskriven som «kald, men oppegående».

– Det var politiet sin hundepatrulje som fann mannen, ikkje langt frå toppen på Skaulen, så vidt inne på suldalssida (1538 moh), blir det onsdag formiddag opplyst frå politiet sin operasjonssentral.
Den bortkomne, ein saudamann i slutten av 20-åra, ville då bli leia ned til Breikvam.