Karl Gustav Lofthus og May Kristin Lofthus tok med seg ei rekke prisar frå kjøttfeutstillinga i Seljord i helga. Foto: TYR v/Julie Vaagaasar.
Karl Gustav Lofthus og May Kristin Lofthus tok med seg ei rekke prisar frå kjøttfeutstillinga i Seljord i helga. Foto: TYR v/Julie Vaagaasar.

Prisdryss til Lofthus

Men garden på Lofthus er også prisgitt Sauda kommune for å overleve.

Lofthus gard i Sauda stakk av med ei rekke prisar under den årlege kjøttfeutstillinga på Dyrsku´n i Seljord.

Innan klassen ”Kviger Limousin” vann dei første-, andre- og tredjepremie. I klassen ”Kviger Aberdeen Angus” blei det første- og tredjeplass. I tillegg blei det eine dyret kåra til ”Best in show”.

– Me vann ”Best in show” i fjor også, opplyser Karl Gustav Lofthus.

Saman med dottera May Kristin Lofthus drog han til den årlege kjøttfeutstillinga der oppdrettarar stillar ut dei beste dyra sine.

– Det er ein tradisjon me førar vidare. Oldefar min drog også til Dyrsku´n for å kjøpe kvalitetsdyr. Det ligg litt i blodet vårt, smiler Karl Gustav Lofthus.

Men ei kjøttfeutstilling er ikkje eit misseshow som bli arrangert for moro skyld. Det handlar om å få rangert dei beste dyra som igjen skal brukast til avl. Gjennom godt avlsarbeid bli dei norske besetningane utvikla vidare. Dei beste dyra blir kjøpt opp av andre kjøttfeprodusentar.

Satsar på kvalitet
Karl Gustav Lofthus legg ikkje skjul på at han synest det er gjevt å gå heilt til topps i konkurranse med 36 andre kvalitetsdyr.

– Rundt 90 prosent av produksjonen vår blir kjøpt opp til vidare avlsarbeid. Dei resterande ti prosenta går til slakt, opplyser Lofthus.

Han opplyser at avlsarbeid er ein bevisst strategi.

– Me har ein liten gard samanlikna med mange gardar i Norge. Derfor konkurrerer me på kvalitet i staden for volum.
Gode avlsdyr gir høgare avkasting enn å selge dyra til slakt, der dei deretter hamnar i matbutikkane som biffar til søndagsmiddagen.

– Men det er mykje meir arbeid å drive med godt avlsarbeid, og i tillegg er det mykje dyrare. Den nyaste avlsoksen kosta oss 185 000 kroner. Ein ”vanleg” okse kostar 35 000 – 40 000 kroner, opplyser Lofthus. I tillegg til avlsokse brukar Lofthus gard inseminering frå dei beste oksane i landet på cirka halve flokken.

Gardsdrifta blir pressa
Både han og dottera May Kristin deltok som utstillarar.

– Ho er over snittet interessert i gardsdrift og ønsker å bli bonde og føre garden vidare. Me har utbyggingsplanar, men det er utfordrande å drive gard i sentrum. Det er eit pressområde og det fører til interessekonfliktar.

Karl Gustav Lofthus legg ikkje skjul på at det er utmattande over tid.

– Samtidig føler me eit ansvar for å halde kulturlandskapet vedlike. I Åbødalen var det seks gardar som hadde sæterdrift og dyr på beite. Nå er det bare vår gard igjen. Dersom me ikkje opprettheld gardsdrifta vil Åbødalen ende opp som det me opplever i Røldal. Det gror igjen, seier Lofthus.

Lofthus gard er ein av dei største husdyrgarden i Sauda i dag. Dei har 30 livdyr som produserer 30 kalvar i året. I tillegg har dei 300 sau.

Dei ønsker å drive garden vidare, men håpar samtidig at Sauda kommune legg til rette for nødvendige rammebetingelsar i framtida slik at gardsdrifta blir levedyktig. For det står ikkje på interessa og viljen.

– Eit alternativ er å kjøpe ny jord for å flytte driftsapparatet vekk frå sentrum, slik at nye generasjonar kan overta. Men det er vanskeleg å finne ny jord som er til sal i Sauda, opplyser Karl Gustav Lofthus.