Ayla Fatnes Rognskog (frå venstre) Hedda Nødland Thomassen og Myrthe Vermeulen gler seg til å bruke den nye ungdomsklubben som ein møteplass. Airhockey er éin av aktivitetane dei kan samlast om i lillesalen. Foto: Even Emberland.
Ayla Fatnes Rognskog (frå venstre) Hedda Nødland Thomassen og Myrthe Vermeulen gler seg til å bruke den nye ungdomsklubben som ein møteplass. Airhockey er éin av aktivitetane dei kan samlast om i lillesalen. Foto: Even Emberland.

Store forventningar til ungdomsklubben

Onsdag opna ungdomsklubben i Folkets Hus. Ungdommane sjølv gler seg til fortsettinga.

Onsdag inntok ungdomsskuleelevane Folkets Hus. Først ved eit opningsshow på dagtid i anledning opningsveka til Folkets Hus, før dei opna ungdomsklubben i lillesalen i den restaurerte delen av Folkets Hus på kvelden.

Tiandeklassingane Hedda Nødland Thomassen, Myrthe Vermeulen og Ayla Fatnes Rognskog var blant dei mange som fylte lillesalen på kvelden.

– Eg trur det blir veldig bra med ungdomsklubben. Eg håper mange kjem her og bruker klubben. Det er masse ting å finne på her, seier Rognskog, som får støtte frå både Vermeulen og Thomassen.

Etterlengta ungdomsklubb
Med lillesalen og onsdagens opning av ungdomsklubben, har ungdommane fått sin tumleplass i Sauda. Det er ein tumleplass det har blitt jobba for i mange år. Ungdomsarbeidet i Sauda skaut fart då ungdomsarbeidar Magnar Birkeland flytta heim til Sauda i 2015.

Saman med Ingunn Sørnes i MOT – Sauda og andre har han fått til arrangement og aktivitetar for ungdommane som ikkje er i regi av idrettsgrupper eller kulturtilbodet i kommunen.

Då bygge- og restaureringsplanane for Folkets Hus som kulturhus blei lagt, var ungdomsklubb definert som ein prioritet. Likevel følte ungdomsrådet ved dåverande leiar Simen Hansen Lunde at ungdommane var oversett då dei fekk ei omvising av planane for Folkets Hus tilbake i februar i 2017.

Deretter blei dei i større grad involvert i arbeidet med å finne løysingar for korleis ungdommar skulle få ein god møte- og samlingsplass i Folkets Hus.

– Dei har jobba hardt for at me skulle få ein ungdomsklubb, så nå blir det jo for dumt om han ikkje blir brukt. Eg synest det ser skikkeleg bra ut, og det har vore mykje snakk om klubben og korleis det blir før opninga, fortel Rognskog.

– Kva har de snakka om?

– Gutane har snakka mest om at det blir svære TVar, Playstation 4 og alle tinga me kan gjere her. Me snakkar ein del om at det blir ein plass me kan treffast og vere sosiale i staden for at me sit på mobilane heime. Er det ope her, så er jo det mykje meir sosialt.

– Her kan alle vere i lag
Svære TVar og Playstation 4 er nokon få av fasilitetane i ungdomsklubben. Her er mellom anna sofagrupper, biljardbord, airhockeybord, bordtennisbord, spelkonsollar og tilhøyrande spel.

– Me håper folk blir meir sosiale her. Her kan alle vere i lag, uansett om du går i åttande eller tiande. Her trur eg det blir enklare at alle er med alle, i staden for at folk går i lag i små grupper. Det trur eg er ein god ting, seier Vermeulen.

Ungdomsarbeidet i Sauda er i frammarsj. I vår fekk Birkeland og Ingunn Sørnes i MOT – Sauda 250 000 kroner til prosjektet «Plass til alle» frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Pengane er øyremerka ungdomsarbeid i Sauda og går til å skape aktivitets- og fritidstilbod for ungdommar, samt å løne ungdomsarbeidarane Mohammad Omar og Karin Øvrebø Gauthun.

Blant aktivitetane dei står bak er den pågåaende ungdomsfestivalen, som varer til og med tysdag i neste veke. Den har naturlegvis base på den flunkande nye ungdomsklubben i Folkets Hus.