Opningsshowet starta med den spesiallaga songen til Bjørn Ljung og Eli-Jorun Tangeraas. Ingrid Bojesen Fatnes og Silje Ekkjestøl Lien var solistar. Sistnemnde rappa eit vers. Alle foto: Frank Waal.
Opningsshowet starta med den spesiallaga songen til Bjørn Ljung og Eli-Jorun Tangeraas. Ingrid Bojesen Fatnes og Silje Ekkjestøl Lien var solistar. Sistnemnde rappa eit vers. Alle foto: Frank Waal.

Stolt festfeiring i Folkets Hus

Opningsshowet i storsalen i Folkets Hus baud på proffar og amatørar, tradisjonell og moderne kultur, alt iblanda humor, stoltheit og kjærleik til det 87 år gamle, nå restaurerte bygget.

– Magisk. Heilt magisk! Noko så kjekt som dette har verkeleg vore verdt å venta på, seier Torfinn Opheim.

Den tidlegare ordføraren i Sauda og nåverande leiar av Landssamanslutninga av vasskraftkommunar var blant gjestene under opningsførestillinga i Folkets Hus, den første av i alt fire førestillingar i løpet av opningsveka.

Festførestillinga, der Tor Øyvind Skeiseid hadde regien, blei dyktig leia av Ola E. Bø,  utflytta saudabu som har jobba som dramaturg ved Det Norske Teatret i Oslo.

Frå scenen uttrykte Bø at det var ei stor ære og ikkje så reint lite rørande å bli spurt om å leia opningsførestillingane i Folkets Hus i heimbygda.

Mange spente gjester
Det var eit festpynta og spent publikum som fylte den nå restaurerte storsalen i Folkets Hus torsdag kveld. I salen sat mange spesialinviterte gjester frå både det offentlege og frå næringslivet og frå kulturlivet – og ikkje minst mange av dei som har bidratt i det krevande restaureringsarbeidet i form av dugnad. Karina Fiveland var teamleiar i første halvdel av dugnadsarbeidet i det gamle Folkets Hus-murbygget. Torsdag kunne ho endeleg sjå resultatet av all dugnadsinnsatsen.

– Eg hugsar første gongen då me var å kikka på alt som skulle gjerast. Det såg litt motlaust ut, og eg tenkte at eg gleda meg til å sjå alt ferdig ein gong. Det er verkeleg blitt kjempebra, seier ho, som elles var djupt imponert over den ho kalla ei storstilt og verdige feiring under opningsfesten.

Også tidlegare fagforeiningsleiar ved smelteverket, Jan Ringstrand var blid og fornøgd då Ryfylke snakka med han i pausen mellom dei to aktene i førestillinga.

– Alt er heilt topp! Det er blitt så bra; den kombinasjonen med å bevara det gamla og å få til å implementera det nye og moderne… Det er bare heilt fantastisk!

I pausen mellom aktene fekk publikum servert smakebitar på lokal mat og drikke, og mulegheita til å kikka seg rundt i kulturhusbygga.

Imponerte publikum
På scenen i storsalen fekk både lokale amatørar og profesjonelle artistar boltra seg i eit program over to akter. Dansarane Nora Martine Svenning og Sudesh Adhana frå dansekompaniet Frikar overraska og imponerte publikum med sin kunstnariske uttrykksform, både på scenen – og i sin luftige dans ute på Folkets Hus-veggen etter at førestillinga inne var over. Dansarane var godt sikra i selar og tau, forankra i ein heisekran.

Torfinn Opheim var spesielt imponert over desse dansarane, men også av alle dei andre som underheldt frå scenen.

–  Alt er så bra! Dansekompaniet var fantastisk! Og desse her utflytta stjernene våre; det er jo ikkje tilfeldig at dei er stjerner! Dei er jo knallgode! Dette var kjekt, alt saman, sa Opheim.

Både Grethe Svensen og Reidar Brendeland stilte opp for å feira det nye kulturhuset saman med Sauda. Sistnemnde la inn ”Saudasangen” som eit perfekt avsluttingsnummer med allsong.

Stolt kulturhusleiar
I august 2016 blei Astrid Espeland tilsett som kulturhusleiar. Nå, to år seinare, har ho endeleg eit ferdig bygg å leia og fylla med aktiviteter.

– Eg er takknemmeleg, lukkeleg, letta og glad. Såå utruleg kjekt. Saudabuen er fantastisk flinke. Kva me kan få til her inne, eg har mest ikkje ord, seier ho.

Ho fortel at rundt 3000 personar har vore innom kulturhuset i løpet av arrangementa opningshelga.

– Eg håpar at dette har gjort terskelen lågare for å komma og bli med på arrangement. Dette huset er for alle!

Stort bildeekstra frå kulturhusopninga i tysdagsavisa.