Portrett_Yngve_Thomassen-b

Mannen som elskar å vera Yngve

Møt gladlaksen Yngve Thomassen – ein fiskeglad og rastlaus 45-åring.

­ – Akkurat nå er eg sjukmeldt. Eg fekk ein prolaps i nakken i sommar, heilt pang plutseleg. Men nå skal eg endeleg snart få begynna på jobb igjen. Eg har så mykje eg skulle ha gjort, og då er det heilt pyton å måtta vera i ro, seier Yngve Thomassen.

Går alt etter planen skal 45-åringen tilbake på arbeid i neste veke. Han jobbar som maskinførar inne på smelteverket, ein jobb han har hatt i tolv år nå. Det var austlandsfirmaet Tipp Transport som tilsette han, nå er det det saudafirmaet Aartun Transport som er arbeidsgivar.

– Eg trivst veldig godt. Eg kjører hjullastar og jobbar fem-skiftsplan, der eg har to arbeidshelgar med tolvtimars-skift. Eg får opparbeidd meg ein ti dagar lang friperiode innimellom. Det er heilt perfekt, smiler han.

Yngve Thomassen blei fødd ein marsdag i 1973. Dei første åra budde han og familien eit slags nomadeliv i Sauda, med fleire bustadskifte, før dei busette seg på Espeland i 1980. Her, eit lite steinkast frå barndomsheimen, bur Yngve den dag i dag, i leigd hus like ved vegen.

– Eg liker meg på Espeland. Men eg er i grunnen lite heime. Eg er bare heimom for å sova, fortel han.

Etter ungdomsskulen gjekk unge Yngve på vidaregåande, der han tok grunnkurs og VK1 elektro. Men då Yngve og medelevane hans skulle ut i læretid, gjekk det trått. Læreplassane uteblei. I dag er det bare fire av dei då 30 elektroelevane som jobbar som elektrikarar. Yngve gjekk arbeidsledig i eitt år, før han reiste i militæret.

– Eg var grensejeger på russargrensa nede i Passvikdalen.

– Likte du deg i militæret?

– Både òg. Men eg hadde veldig godt av det. Eg var nok litt umoden, og vaks veldig på det å vera i forsvaret. Ein lærer å kjenna seg sjølv.

I åra etter militæret veksla Yngve mellom å vera arbeidsledig og å jobba i diverse vikarstillingar på smelteverket. Seinare reiste han til Sand, der han utdanna seg til møbelsnikkar. Etter læretida hos Trestubben i Suldal hadde han endeleg eit svennebrev  i handa. Utdanninga førte han først til jobb til Ålgård, så til Grimstad, der han jobba fleire år med å laga støypeformar til plastbåtar.

Finanskrisa førte til permitteringar og Yngve flytta heim igjen til Sauda i 2001. Her fekk han etter kvart jobb på Molla snekkerverksted, der han var i to år. Deretter fekk han jobb som maskinkjørar i austlandsfirmaet som hadde transportoppdraga inne på smelteverket i Sauda.

– Eg har gått arbeidsledig i mange periodar opp gjennom livet. Då har eg tatt mange ”aetat-kurs” der eg har fått tatt fleire sertifikat for ulike kjøretøy, forklarer han.

Når Yngve ikkje er på jobb, er han som regel anten på jakt- eller fisketurar eller på ”klekkeriet”, hovudkvarteret til Sauda jeger-og fiskerforening. 45-åringen sit i styret i fiskeforeininga, der han er barne- og ungdomsleiar, både i den lokale foreininga og for fylkeslaget. I tillegg er han såkalla ”klekkeriforvaltar” – eit løna arbeid som tar stor del av tida til Yngve.

– Eg er nok meir her på klekkeriet enn eg er heime. Det er ein heil del arbeid knytt til kultiveringsdelen. Me fangar stamfisk, stryk dei og får opp yngel og set fisk ut i elvane igjen. Me tar også ut fisk frå ”overbefolka” fjellvatn for å få opp størrelsen på fisken som er der, forklarer Yngve.

Han driv også med litt jakt, gjerne åtejakt på rev, men det er fiskinga som definitivt  fengar han mest.

– Eg har alltid likt å fiska, men det var først i 2006 eg verkeleg fekk sansen for laksefiske. Laks er ein type fisk ein aldri blir heilt klok på. Det å få ein på kroken, bruka tid på å kjøra den og omsider få den på land… Det er eit adrenalinkick og ein får den store  ”lakseskjelven”. Då kjenner ein at blodpumpa verkar og at ein verkeleg lever. Dette er ein slags ”sjukdom” eg håper eg aldri blir kurert for, ler han.

Ei anna interesse Yngve har er fotball. Som ung var han aktiv opp til juniorspelarnivå. Framleis er Liverpool favorittlaget og som regel får han med seg det meste av fotball på tv. I vaksen alder har han markert seg som ein habil målvakt i fleire innandørs fotballturneringar i Saudahallen.

– Eg gav meg då beina og helsa ikkje tolte meir. Anklane mine har aldri vore så bra som nå, seier han, som også spelte handball og bedriftsfotball i ein periode i livet.

– Og som ung dreiv eg med stuping. Eg var til og med i junior-NM. Der kan eg visa til ein sjetteplass på 1 meter, ein sjuandeplass på 3 meter og ein 15. plass på 5 meter.

Yngve er altså barne- og ungdomsleiar i fiskerforeininga – eit verv han tar på alvor og med stor glede.

– Eg synest det er skøy å jobba med barn og ungdom. Det å bidra til å gi dei inspirasjon og gode jakt- og fiskeopplevelsar i naturen er veldig givande. Men det er også eit veldig utfordrande arbeid. Me konkurrerer med all slags andre fritidsaktivitetar, og ikkje minst med dagens store tilgang på data og internett. Likevel, eg føler det har losna litt i det siste, og eg føler at jakt- og fiskeinteressa blant unge er på veg opp, konstaterer han fornøgd.

Sjølv har Yngve ikkje opplevd å få eigne ungar. Han innrømmer at det av og til er eit sakn.

– Til tider har eg sakna det, ja. Når dei rundt meg får ungar, så kjenner eg på det. Men det har altså ikkje skjedd. Slik er det bare, seier han enkelt.

Sjølv vaks Yngve opp med to yngre søsken; to år yngre Anita og sju år yngre Ove. Seinare, etter at foreldra blei skilt, fekk mora ein son og søskena ein halvbror; Hans Andreas.

Familien opplevde det aller verste i 2015, då Ove døydde. Han datt om etter at ei utposing i hovudpulsåra i hovudet sprakk. Etter fleire operasjonar på sjukehus døydde han, bare 34 år gammal. Yngve og Ove budde saman i halvanna år eitt års tid før Ove døydde.

– Det var heilt grusamt. Me stod kvarandre svært nær, og eg hadde det lenge tungt og vanskeleg. Eg klarte ikkje å snakka om det og hadde det veldig vondt. Nå har eg fått det meir på avstand, og klarer å snakka om han og det som skjedde, seier han.

I dag er det bare Yngve og faren som bur i Sauda. Men Yngve bruker gjerne friperiodane sine til å reisa på besøk til mora og søstera, som begge bur i Hordaland. ”Camperen”, bueininga han festar oppå pickupen sin, er kjekk å ha på slike turar, eller på fisketurar til elvar og vassdrag utanfor Sauda. Det er ikkje uvanleg at han tilbakelegg 6000 kilometer i året på farten i doningen sin.

Om framtida veit ingen, heller ikkje Yngve Thomassen. Enn så lenge trivst han godt i sin faste jobb inne på smelteveret og med verva sine i jeger- og fiskerforeininga.

– Så lenge eg har jobb, blir eg verande i Sauda. Eg har flytta før og ser ikkje mørkt på det, dersom eg må flytta for å få meg ny jobb. Elles blir eg her. Eg trivst jo veldig godt her, seier han.

Prolapsen i nakken minner han om at han som 45-åring nå er kome i ”reperasjonsalderen”. Aldri tidlegare i livet har han slitt med rygg- eller nakkevondt. Men det siste året har han også slitt litt med betennelse i fotsolane.

– Eg begynner å merka alderen, at kroppen begynner å skranta. Etter mange månader med betennelse i beina og nå prolaps i nakken, så kjenner eg at forma er heller skral. Men samtidig føler eg meg ung og fresh, haha! Eg er yngst i styret i Rogaland jeger- og fiskerforeining. Der føler eg meg iallfall ung, ler han.

PORTRETTET

Namn: Yngve Thomassen.

Alder: 45 år.

Yrke: Maskinkjørar for Aartun Transport.

Favorittmat: Det beste eg får er sosekjøt. Når det gjeld dessertar, er eg altetande.

Best på tv: Då må eg nok seia fotball, hovudsakleg engelsk fotball, men eg ser det meste av fotball på tv.

Ungdomsidol: Det var ingen idoldyrking frå meg. Men eg hadde nokre Liverpool-plakatar på rommet mitt.

Favorittpolitikar: Internasjonalt: Barack Obama. Nasjonalt: Jens Stoltenberg. Lokalt: Tja… Men eg synest Asbjørn Birkeland har gjort det bra.

Fjord eller fjell: Helst ”ja, takk, begge delar”. Men då eg budde på Fevik nær Grimstad, sakna eg veldig saudafjella. Så eg må nok seia fjell.

Livsmotto: Stress er rota til alt vondt. Eg hater å stressa.

To ting du ikkje klarer deg utan: Fiskestang, sjølvsagt! Og fjellduken min, den er med overalt.

Kva lag/foreining vil du gi 100 000 kroner til: Til Sauda jeger- og fiskerforening, der pengane kunne gått til endå meir barne- og ungdomsarbeid.