Gavmildt næringsliv

Søndag er dagen for den årlege TV-aksjonen der pengane i år går til Kirkens Bymisjon. Innsamlinga er alt godt i gang, og tysdag var ordførar Asbjørn Birkeland og Sauda Vekst-leiar Inge Løyning i Sjøfartsdirektoratet sine lokale i Haugesund der dei deltok i ein ringedugnad til lokale bedrifter.

– Næringslivet i Sauda slo på stortromma og gav over 100 000 kroner! Det betyr at Sauda ligg på fjerdeplass i Rogaland når det gjeld beløp per innbyggar, bak Bokn, Utsira og Kvitsøy, opplyser Birkeland.

Torsdag var beløpet passert 110 000 kroner og Sauda var då på 21. plass av landets 423 kommunar.