Portrett_Anne_Tangeraas_Løyning

Anne på landet

Hjelpepleiaren Anne Tangeraas Løyning kan utan problem assistera under operasjonar, men som gardbrukar styrer ho unna slakting.

– Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg har aldri likt slaktinga. Det er noko med at heile dyret ligg der, med hud og hår. Men når skrotten først er hengt opp, kan eg godt vera med på parteringa, seier Anne Tangeraas Løyning.

Anne vaks opp på ein gard på Birkeland, som yngst i ein søskenflokk på fem, der ti år skil mellom den eldste og den yngste. Familien hadde sauer, kyr, hest og griser, og ungane deltok i gardsdrifta. Anne fortel at ho likte godt det vanlege dyrestellet, men at ho hadde lite til overs for slaktinga.

– Eg trekte meg vekk då, ja. Aslaug og Eli-Jorun var nok også litt meir skeptiske til slaktinga enn det Ingeborg og Ivar var, fortel ho.

I dag bur Anne på Løyning med ektemannen Jan. Saman driftar dei gardsbruket som har sagbruk og hundre vinterfora sauer.

Som barn var Anne ei aktiv sjel, som dreiv med både idrett og musikk. Ho deltok på turn, stuping, svømming og var med i Røde Kors. I musikkskulen trakterte ho både tromme, tverrfløyte, trombone, piano og fiolin.

– Fiolin var det kjekkaste, seier Anne, som i ein periode var med i Rogaland ungdomssymfoniorkester.

I dag heng fiolinen ho fekk som 12-åring på veggen i stova.

– Eg kjenner at lysta til å kunne spela igjen er der. Men eg er nok ikkje den eg ein gong var når det gjeld fiolinspeling. Eg har jo ikkje spelt sidan eg var 15 år, ler ho.

Rundt årsskiftet 1987/1988 overtok broren Ivar heimegarden på Birkeland. Forelda og Anne, som hadde eit drygt år igjen på gymnaset, flytta då ned i foreldra sitt nykjøpte hus på Søndenå. Anne seier det var heilt greitt å flytta frå garden.

– Far begynte å nærma seg pensjonsalderen, og var nok litt sliten og lei. Eg hadde ikkje tid til å hjelpa så mykje med garden, så det var best at det blei slik, seier Anne.

Mora Else hadde fulltidsarbeid som sjukepleiar, og markerte seg sterkt i kampen for å starta opp hjelpepleiarutdanning i Sauda på 1980-talet.

Anne gjekk allmennfag på gymnaset, og jobba litt som vikar på sjukeheimen i Sauda i helgar og feriar. I sommarferien etter tredjeåret var ho på besøk hos søstera Eli-Jorun, som då budde i Sverige. Anne fekk seg sommarjobb der, i Sverige, på ein psykiatrisk sjukeheim. Ettersom ho hadde stroke i matematikk, hadde ho ikkje planar for vidare utdanning, og ho takka derfor ja til å jobba eit ekstra år på den svenske sjukeheimen.

Etter året i Sverige fann ho ut at ho måtte skaffa seg artium, og ho brukte eitt år på å ta opp igjen matematikken og forbetra karakterar i enkelte andre fag. Like etterpå starta ho på hjelpepleiarutdanninga mora hadde kjempa fram nokre år tidlegare.

– Slik sett hadde eg ikkje trengt å bruka det året på å ta opp igjen fag. Men eg likte ikkje tanken på at det var tre bortkasta år. Eg ville ha artium, seier Anne.

I dag stortrivst Anne som hjelpepleiar ved Åbøtunet. Det er snart ti år sidan ho valde å ta vidareutdaning innan psykiatri. Anne innrømmer at det var etter sterk oppfordring frå mora.

– Eg svarte alltid at eg ikkje har tolmodighet til å jobba med psykiatri. Nå er eg veldig glad for at eg vidareutdanna meg. Eg lærte ting eg alltid har bruk for, både på jobb og elles i livet, seier ho, som er verneombod på arbeidsplassen.

Det var i 1990, eit års tid etter at ho var komen heim frå Sverige, at Anne fann kjærleiken i åtte år eldre Jan, kameraten til storebror Ivar. Saman har dei fått fire barn. Den første, Paul, kom til verda få månader før Anne tok hjelpepleiar-eksamenen våren i 1992. Paret gifta seg i ein visstnok tre minutt lang seanse på tinghuset i Haugesund i august same år.

I løpet av seks år fekk Anne og Jan fire barn. I periodar var det Jan som var heime med borna, medan Anne var på jobb i helsevesenet.

I dag er borna vaksne og har flytta ut. Eldstemann Paul er for tida heime for å skriva på ei masteroppgåve. Anne legg ikkje skjul på at ho er utruleg glad i og veldig stolt av ungane sine.

– Ungane våre, ungane til søskena mine og ungane til søskena til Jan har vore ein fin og samansveisa gjeng, som har hatt mykje kontakt opp gjennom åra. Sjølv synest eg det har vore utruleg fint å ha ein stor søskenflokk rundt meg, seier Anne.

I 2003 las ekteparet i Ryfylke at Vertshuset Grand trong nye drivarar. Jan tente veldig på ideen om å kasta seg inn i noko så nytt og spennande, medan Anne var meir skeptisk. Men jo meir dei snakka om det, jo meir overtalt blei Anne, som sa opp si faste stilling ved Høllandstunet. Ekteparet dreiv vertshuset Grand og puben Manilla fram til 2009. Eit slitsamt liv og økonomiske utfordringar gjorde at dei til slutt gav opp. Likevel, Anne ville ikkje vore forutan dei mange opplevingane dei fekk i hotell- og utelivsbransjen. Helgane gjekk med til å drifta Manilla. Ungane blei passa på av barnevakter seine helgekveldar og -netter, før dei blei store nok til å passa kvarandre.

– Eg blei kjend med så mange kjekke og interessante folk. Eg angrar ikkje på at me prøvde oss i bransjen dei åra, seier Anne.

Då ekteparet gav seg med drifta av Grand, fortsette Jan ein periode med pubdrift på Cafe XO, litt lenger oppe i Rådhusgata. Anne fann ut at skulle ho nokon gong tilbake til helsevesenet måtte det bli nå. Ho starta med vikariater og småstillingar, og valde å slå til då det opna seg opp ei 75 prosent stilling på Åbøtunet, der betingelsen var fullført eller vera villig til å ta psykiatrisk vidareutdanning. Det var då Anne starta den toårige vidareutdanninga si. Sidan den gong har ho vore fast tilsett ved Åbøtunet.

– Eg er veldig glad i jobben min. Og sjølv om eg jobbar med psykiatri er det ikkje slik at eg blir sliten av jobben, snarare tvert imot. Når me lukkast med noko på jobb, kjenner eg at ”Jess! Dette er kjekt og kjennes godt”. Eg får så masse energi av jobben min, seier Anne engasjert.

Heime på garden på Løyning er det Jan som tar hovudansvaret for drifta, men Anne deltar i det meste. Ho stier, kjører traktor og er med på sauesamlingar. Ein periode dreiv paret med utleige av selskapslokalet Stampahuset – det som starta som ein badestamp for familien, med eit omkledningsrom som stadig blei påbygd.

– Stampahuset brann ned i 2004. Det var jo sjølvsagt at me bygde det opp igjen. Det er brukande igjen, men i dag driv me ikkje med aktiv marknadsføring av selskapslokalet, forklarer Anne.

Ein gong i Grand-perioden ville Anne og Jan arrangera eit spesielt julebord for dei tilsette. Valet falt til slutt på den vesle byen Sarnico i Italia, som då fekk besøk av fire saudabuar. Sidan den gong har Anne og Jan forelska seg i staden. Stort sett alle feriar, opptil fleire i året, blir lagt til Sarnico, der dei også feira sølvbryllaupsdagens sin saman med saudabuar og sine nye italienske venner.

Ekteparet er glad i å reisa, men også over snittet glad i å få besøk. Gjerne av vilt framande. Dei er med i konseptet ”sofasurfing”, som handlar om at folk opnar heimane sine for folk som treng korte overnattingar. På Løyning har dei hatt besøk av unge og gamle frå alle kantar av verda.

– Det er ingen pengar i dette, me gjer det kun fordi det er kjekt å møta nye menneske. Ekstra kjekt er det viss dei blir to netter, då rekk me å bli litt kjende. Me har nyleg hatt besøk av ein familie frå Israel som syntest det var såå fantastisk med regn, smiler Anne.

Kvar første juledag samlar Anne og Jan familiane sine til frukost i stampahuset. Med stort og smått er dei gjerne godt over 30 personar samla under julefrukosten.

Både Tangeraas-familien og Løyning-familien er engasjerte sjeler som markerer seg i Sauda-samfunnet, med klare og tydelege – og varierte – politiske fargar og standpunkt.

– Det er mange som spør korleis me har det i familieselskap. Men svaret er at me har det heilt fint. Det er fint lite krangling. Det er så mykje andre ting som er viktigare enn å diskutera og vera ueinige om politikk, seier Anne.