Kristine Espeland Rafdal
Kristine Espeland Rafdal forlater Sauda vidaregåande skule for å bli ny leiar av oppvekstsenteret i Vanvik. Arkivfoto.

Rafdal blir den nye oppvekstleiaren i Vanvik

Kristine Espeland Rafdal er tilsett som ny leiar av Vanvik oppvekstsenter.

Då Suldal kommune lyste ut den ledige leiarstillinga ved Vanvik oppvekstsenter for andre gong, søkte Kristine Espeland Rafdal stillinga og fekk den.

– Det blir veldig spennande. Eg gler meg og eg trur at eg har noko å bidra med, seier Rafdal til Ryfylke.

Ho er 29 år og jobbar i dag som lektor ved Sauda vidaregåande skule.

– Lektor med tilleggsutdanning! Hahaha! Det er ikkje så ofte eg får smykke meg med tittelen, humrar Rafdal.

Ho underviser i dag i faga norsk, samfunnsfag og psykologi.

– Kvifor søkte du ikkje første gong?

– Det er litt morosamt. Eg prata med ei venninne ein gong som spurte meg om kvifor eg ikkje hadde søkt på førstegongs utlysing. Eg hadde ikkje tenkt i dei banar om at eg burde søke stillinga, men konkluderte uansett med at det då var for seint og at nokon var tilsett. To dagar seinare blei stillinga lyst ut på nytt. Eg er ikkje særleg religiøs, men eg såg det som ei teikn frå oven og søkte, ler Rafdal.

Ville prøve noko nytt
Ho vil begynne i stillinga i midten av januar, og ho vil fortsatt bu i Sauda.

– Eg ser ikkje mørkt på å kjøre fram og tilbake kvar dag. Det blir ein roleg start på dagen og ein roleg avslutting på dagen. Eg liker å kjøre bil, og i byar er det mange som må kjøre dobbelt så langt når dei skal på jobb. Me er litt bortskjemte med avstandar i Sauda, meiner Rafdal.

Kontrasten frå ein stor vidaregåande skule med fleire hundre elevar, til eit lite oppvekstsenter med nokre barnehagebarn og barneskuleelevar, er stor.

– Eg hadde lyst til å prøve noko nytt. Eg har jobba fire og eit halvt år på Sauda vidaregåande skule. Det blir ein variert arbeidsdag i min nye jobb, og eg har mykje eg må lære, men det ser eg fram til, seier Kristine Espeland Rafdal.

Det var tre søkarar til stillinga som leiar av oppvekstsenteret i Vanvik.