Arne Handeland går eigne vegar og driv med hylleblomstdyrking på Ringhagen Gard i Saudasjøen. Foto: Frank Waal.
Arne Handeland går eigne vegar og driv med hylleblomstdyrking på Ringhagen Gard i Saudasjøen. Foto: Frank Waal.

Har investert i hylleblomstdyrking

Over tusen saudabuar har alt smakt hylleblomstsaft frå garden Ringhagen.

Under opningsarrangementet til det nye kulturhuset Folkets Hus blei det servert mat frå ei rekke lokale produsentar. På menyen kunne ein blant anna finne grava laks frå Hjelmeland, spekepølse frå Sauda, skinke frå Suldal, ost frå Hogganvik, røykt bøkling frå Åkra og hylleblomstsaft frå Ringhagen i Saudasjøen.

– Hylleblomst?

– Det er ikkje så mange som driv med hylleblomst i vår region. Det er mange som går forbi og som spør meg kva det er, opplyser hylleblomstprodusenten Arne Handeland.

Han driv gard ved Ringhagen, ein gard du kjører forbi dersom du skal til Rødstjødna eller vidare opp til Nordstøldalen.

Arne Handeland er i full jobb som sjåfør på smelteverket, tidlegare under Tipp Transport, nå for Aartun Transport. Gardsdrifta har han som attåtnæring.

– Eg driv også med epleproduksjon og har 400 epletre. For tre år sidan fann eg ut at det er ein marknad for hylleblomstproduksjon. Då eg planta buskane visste eg at eg ville få seld produksjonen min, opplyser Handeland.

Han har i dag 150 svarthyllbuskar og vurderer om han skal utvide produksjonen.

Kvar sommar blomstrar hyllen. Då blir blomstene plukka av. Det er desse blomstene som blir brukt til å lage hyllebærsaft, eller te som blir selt i helsekostbutikkar.

– Men når hyllen blomstrar har du bare to-tre dagar på deg til å få plukka dei. Ventar du lenger enn det, kan ikkje blomstene brukast til saftproduksjon. Då er det litt hektisk, opplyser Handeland.

Med sin jordnære framtoning opplyser han at han ikkje har særleg med kunnskap om hyll, og hadde endå mindre peiling då han starta dyrkinga.

– Men eg kan nok til å drive med det eg driv med. Learning by doing, det har eg alltid praktisert. Av og til går det, smiler Handeland.

Arne Handeland overtok garden i 1993. Som mange andre med gard var han i full jobb, samtidig som han dreiv med dyrehald og anna gardsdrift på fritida.

– Skulle eg ha fortsett med dyrehald måtte eg ha gjort store investeringar. Samtidig klarer eg ikkje å drive med dyr utan at eg gjer det 100 prosent. Eg valde derfor å kutte ut dyrehald.

Arne Handeland begynte deretter å sjå etter andre måtar å drifte garden. Han begynte blant anna med med juletreproduksjon.

– Eg dyrka 12 000 juletre. Til å begynne med gjekk det veldig bra. Då var det ikkje rådyr her, men etter kvart begynt rådyra å gjere stor skade på juletreproduksjonen. Alternativet var å gjerde inne området med eit to meter høgt gjerde. Men eg har for stor eigedom og i tillegg gjer snøen ein del skade på gjerdet om vinteren. Ikkje hadde eg lyst til å gjerde inne meg sjølv heller. Eg kutta derfor ut juletreproduksjonen, men kom ifrå det eventyret på ein brukbar måte likevel, opplyser han.

Ein periode hadde han ingen form for produksjon ved garden.

– Men det klarte eg ikkje å leve med. Eg begynt med fruktdyrking og hylleblomstproduksjon. Det gir litt pengar samtidig som arbeidsmengden er overkommeleg i kombinasjon med full jobb, opplyser han.

Dei 400 epletrea gir seks til åtte tonn eple i året. Hylleblomstproduksjonen reknar han med vil gi 250-300 kilo blomster når buskane blir store. I sommar leverte han 25 kilo blomster til Safteriet på Hillevåg.

– 25 kilo er mange blomster. Ein blomsterkvast veg ingenting, seier han.

Han vurderer også om han skal starte med rabarbraproduksjon.

– Eg har blitt spurt av Safteriet, som kjøper eplene og hylleblomstene mine, om eg er interessert i å starte rabarbraproduksjon. Eg har begynt å undersøke litt og veit korleis eg skal gjere det. Eg får sjå, grublar Handeland.

Han har gjort det som ein leveregel at han ikkje startar opp produksjon av noko utan at han har ein salsavtale på plass først.

– Produksjonen av hylleblomst og epler er veldig intensivt. I periodar er det veldig mykje å gjere. Men i lange periodar har eg god fleksibilitet til å kombinere jobb og gardsdrift. Eg har ei grei kone som lar meg halde på, ler han.

Handeland driv i dag økologisk, som betyr at produksjonen skjer utan bruk av sprøytemidlar og kunstig gjødsel.

– Du må vere sertifisert for å drive økologisk. Det er ganske strengt. Kvart år får eg besøk av ein som kontrollerer drifta mi og sjekker at eg oppfyller alle krava til økologisk drift, seier Handeland.

Han meiner det er potensial for å auke innteninga på gardsdrifta gjennom direktesal frå garden, men Handeland har så langt ikkje brukt tid og ressursar for å reklamere for det sidan han har fått selt det han produserer til Safteriet.

– Inge Løyning i Sauda Vekst har vore ein god støttespelar. Han har ivra for at gardane i Sauda sel mest muleg lokalt og på den måten styrkar økonomien til gardsdrifta. Hadde eg kunne selt meir lokalt, hadde det vore supert det. Då beheld du meir av fortenesta sjølv.

Arne Handeland opplyser at han ikkje blir rik av gardsproduksjonen.

– Men eg tener litt pengar på det, såpass ærleg må eg vere. Men må du kjøpe ny traktor, så blir det ikkje eit fornuftig reknestykke. Eg innbiller meg at det er bryet verdt, men du må like å halde på med slike ting, seier Handeland.

Dersom frukt- og hylleblomstproduksjonen hans over tid gir stabile inntekter så ser han ikkje bort frå at han kan gå av når han er 62 år, og fortsette med gardsdrifta i kombinasjon med pensjonen.

– Det ser veldig bra ut nå, men det er risiko å drive med dyrking. Du kan få dårlege vekstår og låge inntekter. Min ambisjon er å gjere det så godt som muleg, og så får det bli som det blir. Men det er kjekt når ein får ting til, seier Arne Handeland.

HYLL
Hyll er ei samlenemning for fleire ulike stauder, buskar og små tre av slekta Sambucus. I Norge finst to artar: Svarthyll og raudhyll.

Svarthyll har etande bær og blomster og er kjent for å ha helsebringande eigenskaper. Barken, røtene og bladene er derimot giftige. Rå hyllebær frå raudhyll er giftige, men gifta i raudhyllbæra blir nøytralisert ved koking.

Hylleblomstsaft blir laga av blomstene eller bæra til planten. Bæra har høgt innhald av A- og C-vitamin.

I gamle dagar heitte det at gudinna Frøya budde i hyll, og luka ein bort hyll ved huset sitt utan å plante ny, var det fare for ulykke.