Det blei ville jubelscenar på Sauda stadion etter at heimelaget hadde slått Viking 2 og tatt seg til finalen i Oboscupen. Foto: Knut Atle M. Seim.
Det blei ville jubelscenar på Sauda stadion etter at heimelaget hadde slått Viking 2 og tatt seg til finalen i Oboscupen. Foto: Knut Atle M. Seim.

Hardtkjempande saudagutar til cupfinale

Avgjorde semifinalen på straffesparkkonkurranse.

Dramaturgien var som henta frå ein cupsemifinale på øvste nivå. Etter to gonger 40 minutt og to gonger fem minutt ekstraomgangar med «første målet vinn», måtte G-16-semifinalekampen i Oboscupen mellom Sauda og Viking 2 avgjerast med straffesparkkonkurranse.

Begge laga sette sine tre første straffespark i mål. Sauda scora også på sitt fjerde. Men så:

Saudakeeper Albert Løland kastar seg til rett side og reddar straffesparket frå Vikings Jason Ojong Arrey. Jublande lagkameratar klarer mest ikkje å venta med å storma over kunstgraset for å heidra målvakta. Etter nokre lange, nervepirrande sekund kunne dei for alvor sleppa jubelen laus. Watthana Arsapakdee set heimelaget sitt siste straffespark iskaldt i mål og sender Sauda til finalen i Obos-cupen.

− Eg hadde sommarfuglar i magen då eg gjekk fram for å ta straffesparket. Men eg klarte å behalda roen, kunne ein lukkeleg Arsapakdee fortella då jubelen var i ferd med å roa seg.

− Eg er eigentleg ikkje god på straffar, måtte han innrømma.

Akkurat det var det ingen som ofra ein tanke akkurat der og då.

Forsiktig start
Det er ikkje kvar sesong det kjem lag i Vikings kjende mørkeblå draktar til Sauda stadion. Det er liksom noko ekstra med akkurat den klubben.

Om Sauda-gutane var litt prega av stundas alvor skal vera usagt. Etter bare tre minutt står det 1-0 til bortelaget. Eit gjennomspel finn ein umarkert Ulrik S. Tørneng, som får alt for stor plass, og pang! Alt for enkelt! Og den verst tenkelege starten for eit heimelag med finaleambisjonar.

I nokre minutt etter scoringa spring saudagutane imellom og slit med å halda ballen i laget. Men så, litt etter litt kjem dei lyseblå tettare oppi motstandarane. Dei trøkker meir til i duellane, vinn andreballane og kjempar Stavanger-laget litt ut av stilen.

I kampens tolvte minutt kjem uttellinga. Etter eit hjørnespark får Henrik Sumstad nødvendig tid og plass på ni meters hald. Det utnytter han på beste måte og dunkar ballen utakbart opp i i nettaket. Det står 1-1, og Sauda-gjengen har fått blod på tann.

Heimelaget har verkeleg fått trua på at dei kan gi Viking kamp. Småfrustrerte siddisar blir i periodar kjempa i senk av hardtarbeidande saudagutar. Gjestene kjem rett nok til ein kjempesjanse få minutt etter utlikninga, men dei siste 25 minutta av første omgang  er det Sauda som er det beste laget.

Omdiskutert scoring
Tre minutt før halvtid får Sauda frispark inne på Vikings halvdel. Ballen blir slått inn i feltet, der det blir fleire duellar og litt klabb og babb. Når bortelaget sin keeper Magnus Hofsli-Aune går utover i feltet, trør han på ein eller annan måte forkjært, skadar seg og blir liggande. På lagets tredje forsøk får Sauda ved spiss Henrik Sumstad ballen over målstreken og gir med det heimelaget leiinga 2-1. Bortelaget protesterer. Trenarane til bortelaget protesterer. Kvifor blei ikkje spelet blåst av?

Ein ting er kva lovverket seier: Det hadde ikkje skjedd noko ulovleg og det var ikkje snakk om hovudskade. Men er det fair play når keeperen ligg nede?

Målet blir i alle tilfelle godkjend. For den skadde spelaren er kampen over og han blir etter kvart frakta ut på båre. I mellomtida bles dommaren dei to laga inn i garderoben.

Måndag morgon kunne Viking-trenar Mikkel Fjeldheim opplysa at Hofsli-Aune var innlagt på sjukehuset i Haugesund, men at det ikkje dreide seg om eit brot i bekkenet, slik ein først frykta.

Tett og jamt
Tilbake på banen igjen speler laga først dei siste tre minutta av første omgang, før dei byttar side og går i gang med andre omgang.

Det er eit meir skjerpa Viking-lag som kjem på banen etter kvila. Frå å ha framstått som ein smule resignerte, verkar dei å ha fått trua på at dette kan gå deira veg.

Etter drygt sju minutt er dei nær ved å lukkast. Eit gjennomspel treff ein Viking som unngår offside og kjem heilt åleine med Rasmus Løland, som no er komen inn i Sauda-målet. Saudakeeperen går sigrande ut av duellen og heimelaget held på leiinga. Ei kort stund.

Minuttet etter er gjestene igjen på farten. Jason Ojong Arrey klemmer til frå distanse. Sauda-målvakta er uheldig og må sjå ballen stryka forbi seg og inn i nota. Det står 2-2.

Nå bølgar kampen fram og tilbake. Etter tolv minutt får Sauda ein god sjanse til å ta tilbake leiinga. I det 15. minutt er det dei mørkeblå som er på ferde igjen. Men Løland får sin revansj etter 2-2-uhellet og vartar opp med ei kjemperedning.

Resten av omgangen blir tett og jamn. Saudagutane kjempar godt, men manglar det siste hakket, som dei hadde siste del av første omgang. Begge lag kjem til brukbare sjansar, men lukkast ikkje med å spela seg til dei store målsjansane og kampen ebbar ut med 2-2 og uavgjort. Det er klart for to gonger fem minutt med ekstraomgangar og «golden goal», eller første målet vinn, om du vil.

Spent trenarapparat
Det blir tid til ein kort pep-talk før det brakar laus igjen. Nå gjeld det å halda hovudet kaldt og ta vare på sjansane som byr seg. Trenarteamet med Stig Buer, Steinar K. Løland og Thomas Wahl har i over ein halv omgang trippa spent att og fram langs linja. Sistnemnde i dress og slips for anledninga. Og det blir ikkje mindre spennande når ekstraomgangane tar til.

Første ekstraomgang liknar mykje på andre ordinære omgang. Gjestene er nærast å skapa målsjansar, men sjansen endar med eit hjørnespark det ikkje blir noko av. I andre ekstraomgang held det på å gå gale for dei hardt kjempande saudagutane. Først får Viking frispark på eit par og tjue meters hald. Men saudaspelarane som har stilt seg i mur kastar seg etter ballen og får blokkert skotet som kjem. Heilt i sluttfasen får bortelaget nok eit hjørnespark. Innlegget treff ein mørkeblå vikingspelar på bakre stolpe, som bare kan breiside ballen i mål, men ballen sklir av foten og hamnar utanfor.

Etter dette prøver Sauda å bygga opp eit angrep, men kjem ikkje fram til nokon skikkeleg sjanse før dommaren signaliserer at kampen er slutt. Semifinalen skal avgjerast frå ellevemetersmerket.

Der blei det klart at det er Sauda som skal møta Vardeneset i «cupfinalen» i Stavanger til helga.