Saudadagane fyller sentrum med folk og mange tener pengar under arrangementet, men Sauda Ferie & Fritid føler dei må ta for stor økonomisk risiko som arrangør. Bildet er frå årets arrangement. Foto: Frank Waal.
Saudadagane fyller sentrum med folk og mange tener pengar under arrangementet, men Sauda Ferie & Fritid føler dei må ta for stor økonomisk risiko som arrangør. Bildet er frå årets arrangement. Foto: Frank Waal.

Ønsker at fleire tar rekninga

Saudadagane er ei økonomisk utfordring for Sauda Ferie & Fritid. Styreleiaren meiner det er feil å risikere arbeidsplassane for å arrangere Saudadagane.

Det er Sauda Ferie & Fritid som er arrangør av Saudadagane. Det er også dette firmaet som ber den økonomiske risikoen dersom arrangementet ikkje går rundt. Dette skjedde i fjor, då Saudadagane enda med 144 000 kroner i minus.

Sauda kommune, Sauda Vekst og Saudefaldene stilte opp med til saman 85 000 kroner i underskotsgaranti, men dette var ikkje nok. Sauda Ferie & Fritid måtte betale dei resterande rekningane på 59 000 kroner. Alle timane dei hadde hatt sine tilsette i arbeid med arrangementet, fekk dei ikkje ei krone for.

I utgangspunktet var Saudadagane budsjettert med eit overskot på 250 000 kroner, der cirka 100 000 kroner skulle gå til dekking av eigne timar for gjennomføringa.

Dette skapte i fjor ekstra utfordringar for Sauda Ferie & Fritid, som i tillegg hadde ein manko på 130 000 kroner på den øvrige drifta. På toppen av dette førte ein regnskapsteknisk endring på at 170 000 kroner i driftsinntekter ikkje kunne førast på 2017-regnskapet, men måtte flyttast til 2018-regnskapet.

Dermed enda Sauda Ferie & Fritid opp med eit driftsresultat på minus 547 000 kroner. Underskotet førte til at heile aksjekapitalen og den opptente økonomiske bufferen gjekk tapt.

Løysinga blei at eigar Sauda Vekst gjekk inn med pengar for å sikre bedrifta og dei tre arbeidsplassane.

Skummar fløyten
I år rekner Sauda Ferie & Fritid med at dei skal klare å gå i null, men styreleiaren meiner at bedrifta kvart år ber for stor økonomisk risiko gjennom Saudadagane.

– Saudadagane er eit viktig arrangement for Sauda. Det eine er at dette handlar om attraktivitet og omdømmebygging. I tillegg så er det svært mange bedrifter som tener pengar på Saudadagane i form av auka omsetting, seier styreleiar Inge Løyning.

Sjølv om det er mange som er flinke til å støtte opp om arrangementet, meiner Løyning det er for mange næringsaktørar i sentrum som skummar fløyten under Saudadagane, utan at dei direkte er med og tar sin del av risikoen og dermed rekningane.

Gjennom å ha to konsertdagar under Saudadagane, er det kun laurdagskvelden i teltet ved Musikkpaviljongen som er økonomisk berekraftig.

– For å sikre økonomien til Sauda Ferie & Fritid burde det vore konsert kun laurdag kveld. Men dette hadde ført til at Saudadagane blei bygd ned. Det er det jo ingen som ønsker, seier Løyning.

Årets Saudadagane gjekk i ein pluss på 150 000 kroner, takka vere at ein del næringsaktørar gjekk inn med 300 000 kroner. Men dette er ikkje langsiktige avtalar og ikkje eit pengebeløp arrangøren kan rekne med neste år.

– Og igjen går 100 000 kroner til dekking av eigne timar for gjennomføringa, presiserer Løyning.

Vil ha med kommunen
Styreleiaren meiner at fleire aktørar i sentrum må vere med på langsiktige avtalar for å sikre at Saudadagane blir eit forutsigbart økonomisk arrangement.

– I tillegg må Sauda kommune vere med. Eg ser det som naturleg at Sauda kommune bidrar med eit årleg beløp til Saudadagane. Dette er attraktivitetsarbeid som gir Sauda eit positivt omdømme, seier Løyning.

I 2019 håper Sauda Ferie & Fritid at dei skal klare å gå i pluss igjen slik at dei kan bygge opp eigenkapitalen og på nytt ha ein økonomisk buffer. Overskotet til bedrifta blir brukt til å styrke selskapet.

– Viktig for Sauda
Sjølv om økonomien til Sauda Ferie & Fritid er svært stram, er styreleiaren fornøgd med det Sauda Ferie & Fritid klarer å skape.

– Saudadagane er eit svært vellukka arrangement for Sauda. I tillegg er Sauda Ferie & Fritid inne som drivarar av turistanlegget i Allmannajuvet. I år gjekk denne drifta rundt økonomisk. At eit turistanlegg i Nasjonale Turistvegar går rundt alt i det andre driftsåret har imponert Statens vegvesen. Det har ikkje Vegvesenet mange eksempel på, seier Løyning.

I tillegg til Allmannajuvet og arrangementet Saudadagane, utfører Sauda Ferie & Fritid oppdrag for Sauda Sentrumsutvikling, Reisemål Ryfylke, Ryfylkemuseet, Sauda idrettslag og Sauda kommune. Neste år vil bedrifta også utføre oppdrag for Sauda kommune innan feltet ”Bærekraftig reisemål”.

– Drifta til Sauda Ferie & Fritid utløyser mykje frivillig og nyttig arbeid til det beste for saudasamfunnet. Blant anna blir det utført svært mykje frivillig arbeid under Saudadagane, eit arrangement som ikkje hadde vore muleg å gjennomføre utan denne frivillige innsatsen. Eg har vanskeleg for å sjå kven som kan fylle den rolla i Sauda dersom ikkje Sauda Ferie & Fritid fyller den, seier Inge Løyning.