I forrige veke hadde FAU ved skulane og barnehagane eit fellesmøte der dei diskuterte rådmannens forslag om nye kutt.
Dei konkluderte med at det ikkje er rom for nye kutt. Etter møtet har dei sendt brev til kommunestyret. Der står det:
”Vi foreldre er veldig bekymra for rådmannens forslag til ytterligere kutt i oppvekstsektor. Kuttet på 1,6 millioner kommer i tillegg til rundt 3 millioner kroner som oppvekstsektor må spare neste år på grunn av manglende midler til økte lønnsutgifter og prisvekst. Det samla foreslåtte kuttet for oppvekstsektor 2019 er derfor 4,6 millioner kroner. Det innebærer mye kutt for skoler og barnehager som allerede driver kostnadseffektivt og som har måttet kutte år etter år.”
Foreldregruppa har tre punkt dei ikkje vil godta: Kutt i tilpassa opplæring og tidleg innsats, kutt i undervisningsmateriell og ytterlegare reduksjon i kvaliteten i barnehagar og skular.
Foreldra er bekymra for korleis lovpålagde oppgåver skal oppretthaldast. Dei spør om barn og unge er prioritert og meiner barn må vere eit satsingsområde for å oppretthalde ei bærekraftig befolkningsutvikling i Sauda. Foreldregruppa understrekar at oppvekstsektoren i Sauda skal bidra til at barn og unge skal meistre liva sine.