Koronapandemien gjer at Sauda kommune forebur seg på at behovet for hjelp frå helsetensta vil veksa.
Koronapandemien gjer at Sauda kommune forebur seg på at behovet for hjelp frå helsetensta vil veksa. FOTO: Ingvil Bakka/Arkiv.

Skjermar oppvekst og skule – på bekostning av helse og omsorg

Helse og omsorg kan måtta kutta 1,6 millionar kroner ekstra i neste års budsjett, når politikarane nå vil flytta det føreslåtte skulekuttet over til helsetenesta.

– Eg er heilt sjokka. Her gjekk eg og trudde at dei ville bevara dei fem korttidsplassane og heller spara pengane på å vurdera kontorsituasjonen. Og så går dei hen å legger på eit ytterlegare kutt på 1,6 millionar kroner – i tillegg til korttidsplass-kuttet på 3,1 millionar. Eg forstår ikkje korleis dei tenker, seier leiar av Eldrerådet, Ragnhild Ness.

Kutta hos begge
Onsdag 31. oktober la saudarådmann Rune Kloster Tvedt sitt budsjettforslag for 2019.

Her var det lagt inn eit kutt på 3,1 millionar kroner i helse- og omsorgssektoren, pengar som er tenkt spart inn ved å legga ned fem korttidsplassar. Rådmannen føreslo også å spara inn 1,6 millionar kroner ved å føreta generelle reduksjonar innan oppvekstsektoren. Foreldre og lærarar har i avisa reagert sterkt på kuttforslaga, det same har eldrerådet.

Flytta kuttet til helse
Onsdag denne veka diskuterte formannskapet rådmannen sitt budsjettforslag. Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, med ordførar Asbjørn Birkeland i spissen, la i debatten fram eit endringsforslag, der ein flyttar det føreslåtte kuttet på 1,6 millionar i oppvekstsektoren over til helse- og omsorgssektoren.

Ordførar Asbjørn Birkeland presiserer at endringane ligg i rammene dei to sektorane er tildelt for neste år. Oppvekst har fått utvida si ramme, medan helse og omsorg har fått redusert si ramme. Oppvekst og kultur ligg nå an til å få eit driftsbudsjett på vel 97 millionar kroner, medan helse og omsorg sitt driftsbudsjett for 2019  kan bli på litt over 168  millionar kroner. Det er opp til rådmannen å driva i tråd med rammene som blir gitt.

– 1,6 millionar kroner ekstra har større glede for oppvekstsektoren, som er eit mindre område, enn kva vondt 1,6 millionar mindre gjer for det mykje større området helse og omsorg. Men dette vil sjølvsagt vil gjera vondt for omsorgssektoren, seier Asbjørn Birkeland.

Endringsforslaget blei einstemmig vedtatt av dei sju politikarane i formannskapet.

Vurderer Høllandstun-bruk
Ragnhild Ness meiner kommunen kunne spart seks-sju millionar kroner på å vurdera kontorsituasjonen sin, blant anna ved å ta i bruk alt ledige areal framfor å bygga fleire kontor. Med dette meiner ho ein kunne ha fått behalda dei fem korttidsplassane og unngått dei 1,6 millionane rådmannen ville kutta i oppvekstsektoren.

Ordførar Asbjørn Birkeland fortel at kommunen nå vurdererr å bruka ledige areal på Høllandstunet til eldrebustader. Dei vil i så fall då ”bu heime”, og ikkje vera tilknytt ei avdeling, men få hjelp av heimesjukepleie.

– Me ser på om dette er noko som kan avbøta på situasjonen, seier Birkeland.