Turistinformasjonen er plassert til Kulturhuset Folkets Hus. Rådmannen vil styrke turistinformasjonen. Ikkje nok, meiner Sauda Ferie & Fritid. Foto: Frank Waal.
Turistinformasjonen er plassert til Kulturhuset Folkets Hus. Rådmannen vil styrke turistinformasjonen. Ikkje nok, meiner Sauda Ferie & Fritid. Foto: Frank Waal.

Meiner turistinfoen må opp mange hakk

Kommuneadministrasjonen ser behovet for å styrke turistinformasjonen med 50 000 kroner. Sauda Ferie & Fritid meiner kommunen bør sikte mykje høgare.

Turistinformasjonen i Sauda har levd eit nomadeliv dei siste åra. Tidlegare var det Sauda Ferie & Fritid som hadde ansvaret for turistinformasjonen. Deretter overtok folkebiblioteket denne rolla, men kun som ei midlertidig løysing fram til det nye kulturhuset blei ferdig.

I sommar flytta turistinformasjonen inn i inngangsdelen av det nye kulturhuset, der også Kraft Kafe har si drift.

Men turistinformasjonsarbeidet i sommar bar sterkt preg av at det igjen hadde vore på flyttefot, samtidig som bare delar av kulturhuset blei opna for prøvedrift gjennom sommaren. Turistinformasjonen blei drive i ein kombinasjon av ein deltidstilsett turistvert og dei tilsette i Kraft Kafe.

Opplæringa desse hadde fått var for dårleg, ”skranken” turistverten hadde bar sterkt preg av å vere ei ad hoc-løysing og det var lite plass til å oppbevare turistinformasjonsmateriell.

Onsdag skal kommunestyret ta stilling til kor mykje ressursar som skal bli brukt på turistinformasjon neste år. Rådmannen foreslår å tilsette to personar i høgsesongen juni, juli og august som skal drifte turistinformasjonen frå klokka 10 til 18 på kvardagar og 11 til 15 på laurdag og søndag.

Utanom høgsesongen er det avtale mellom Sauda kommune og Kraft Kafe om at dei tilsette i kafeen hjelper turistar med turistinformasjon. Dette blir Kraft Kafe kompensert for med 50 000 kroner i året.

Aktiv salskanal
Sauda Ferie & Fritid meiner Sauda kommune må tenke større dersom ein ønsker ei bærekraftig turistsatsing. I sin høyringsuttale før kommunestyret skal ta stilling til drifta av turistinformasjonen, meiner Sauda Ferie & Fritid at Sauda bør ha heilårs turistinformasjon, og ikkje kun sommarope turistinformasjon.

Blant anna viser Sauda Ferie & Fritid til at turistinformasjonsarbeid har utvikla seg. Nå handlar det også om å vere ein salskanal for produkt, overnatting og pakkar, i tillegg til å vere ein formidlar. Dette har gjort at også turistinformasjonar rundt om kring har fått inntekter til drift.

Sauda Ferie & Fritid meiner også at Sauda kommune må legge inn langt større ressursar i opplæring av dei som skal utføre turistinformasjonsoppgåvene. Tilsette i Kraft Kafe har utført ein del av turistinformasjonsarbeidet, men der dei har fått mangelfull opplæring. Dette presiserer Sauda Ferie & Fritid ikkje er dei tilsette si skuld, som har prøvd å gjere det beste dei kan.

Sauda Ferie & Fritid meiner også at det ikkje er ei gunstig løysing at tilsette ved Kraft Kafe skal utføre turistinformasjon, samtidig som kafegjestene skal utføre bestillingar og ha servering. Dette fører fort til at dei som har behov for turistinformasjon kjem i andre rekke og må vente på at kafegjestene blir ivaretatt først.

Treng plass
Sauda kommune prøver nå å finne ei permanent fysisk løysing på kor turistinformasjonsarbeidet skal skje i kulturhuset. At dette arbeidet i sommar blei utført i same lokale som kafeen, skapte utfordringar, ikkje minst fordi lokalet ikkje er tilrettelagt for dette.

Rådmannen foreslår at turistinformasjonen blir plassert i foajeen til Folkets Hus-delen av kulturhuset, og ikkje i det nye tilbygget.

Sauda Ferie & Fritid viser også til at god skilting av turistinformasjonen må på plass og at dette har vore svært mangelfullt dette året.

Til sjuande og sist presiserer Sauda Ferie & Fritid at ein velfungerande turistinformasjon handlar om at turistane skal stoppe opp og bruke Sauda, og at ei oppgradering av turistinformasjonsarbeidet i Sauda er viktig for å lukkast med dette.

I si innstilling anbefaler rådmannen at kommunestyret seier ja til å styrke turistinformasjonen med 50 000 kroner slik at det blir to tilsette i juni, juli og august, og at Kraft Kafe tar seg av turistinformasjonen dei resterande ni månadene i året.

Dette seier NHO Reiseliv:

”Som lokalsamfunnets ansikt utad er det viktig at turistkontoret framstår som et hyggelig sted å være. Alt fra uteområde til inngang og innemiljø har betydning. Ved innredning av nye kontorer/arealer er det nyttig å besøke andre turistkontorer, for å få tips. Arealbehovet vil være forskjellig fra kontor til kontor, men ideelt sett bør man ha:

– Publikumsområde med tilgang til brosjyremateriell og internett

– Skranke eller annen mottaksfunksjon (frittstående «øyer» o.l.)

– Arbeidsplass i forbindelse med kundemottak samt kontorplasse(r) for andre oppgaver

– Lager

– Utstillingsplass for varer for salg

– Toalett

– Spise-/oppholdsrom

– Telleapparat for registrering av besøkende, som grunnlag for statistikk

I perioder er det behov for lagerplass for til dels store brosjyremengder. Til tross for at vi i dag lever i en nettbasert verden, ser brosjyremengden ikke ut til å avta nevneverdig. Her kan det forventes en endring. Annet som krever lagringsplass er suvenirartikler, bøker, kart, utstyr for utleie etc.

Lokalene må være funksjonelle både for arbeidstakere og besøkende. Et viktig forhold er kravet om universell utforming. Dette kravet skal sikre alle tilgang til tilbud, også personer med funksjonshemming.

Kontorer med autorisasjon i klasse 1 (helårsåpent kontor) benytter i-skilt med grønn bunn. Kontorer med autorisasjon i klasse 2 (sesongåpent kontor) benytter i-skilt med rød bunn. Disse skiltene angir at det på stedet blir gitt velkvalifiserte informasjonstjenester til turister. Skiltene blir tildelt når man er autorisert.”

Utdrag frå NHO Reiseliv sin ”Veileder til kommuner om drift av turistkontor”.