Sauda Soul Children under øving på Betel:  Bak frå venstre: Kine Danielsen, Ane Schibevaag Søndenå, Eline Landa, Ingrid Bojesen Fatnes, Tone Lise Bøthun Vanvik, Nina Steen Jensen (leiar) og Irene Landa. Framme frå venstre: Amina Valentina Huse, Silje Åbø, Signe Saltnes Aarhus, Åsne Stensvåg Seim, Jessica Søndenå, Vår Steen Jensen og Linnea Bratland Nordhagen. Ikkje tilstades: Ingrid Lunde. Foto: Knut Atle M. Seim.
Sauda Soul Children under øving på Betel:  Bak frå venstre: Kine Danielsen, Ane Schibevaag Søndenå, Eline Landa, Ingrid Bojesen Fatnes, Tone Lise Bøthun Vanvik, Nina Steen Jensen (leiar) og Irene Landa. Framme frå venstre: Amina Valentina Huse, Silje Åbø, Signe Saltnes Aarhus, Åsne Stensvåg Seim, Jessica Søndenå, Vår Steen Jensen og Linnea Bratland Nordhagen. Ikkje tilstades: Ingrid Lunde. Foto: Knut Atle M. Seim.

– Me gler oss – og så er me litt spente

Laurdag avrundar Vidar Johnsen årets «Him te jul»-turne i Sauda kyrkje. Saman med han syng Sauda Soul Children.

– Det kriblar alltid litt i magen, slår Signe Saltnes Aarhus (11) og Vår Steen Jensen (10) i Sauda Soul Children fast. Dei to var på plass på Betel då koret hadde si nest siste øving før julekonserten med Vidar Johnsen på bittelille julaftan.

Dei to jentene må kunna seiast å vera rutinerte songarar for alderen. Dei har begge sunge i koret sidan det blei til Sauda Soul Children – og ei god stund før det. For berre nokre månader sidan stod dei begge på scena under opninga av Folkets Hus. Der spelte Signe piano, i tillegg til å synga.

– Eg liker veldig godt å synga. Eg har eigen mikrofon heime, fortel Vår.

– Eg syng i dusjen og andre stader, men helst når ingen høyrer på, opplyser Signe.

Dei to fortel at dei begge gler seg til å synga med Vidar Johnsen.

– Me har høyrt om han, men aldri møtt han, seier dei, med forventning i stemma.

Pinglete gutar
Sauda Soul Children tel i dag 12-15 jenter i alderen 10-15 år. Dirigent er Grete Kroka Landa, og så er Bodil Handeland og Nina Steen Jensen med som faste medhjelparar.

Dei to jentene ser gjerne for seg at dei kunne vore fleire, og gjerne med nokre gutar óg.

– Eg har spurt mange gutar om dei vil vera med, men så langt har ingen villa, opplyser Signe.

– Gutane er så pinglete, sukkar Vår.

Saman er dei to einige om at det ikkje er for seint for gutane å ombestemma seg og bli med i koret.

Framme ved podiet lyder forspelet til Odd Nordstoga sin «Jul i Svingen». Journalisten skjønar at intervjuet nærmar seg slutten.

– Den er eg solist på, stråler Vår, før dei to smilande jentene går for å gjera seg klar saman med resten av koret.

Finn julestemninga
Kyrkjekonserten i Sauda på laurdag avrundar Vidar Johnsen sin juleturne dette året. Etter først å ha spelt i Drammen ei veke i starten av månaden, fortsette artisten med konsertar på Sørvestlandet åtte strake dagar til ende. Det å spela julekonsertar har gitt ein ekstra dimensjon i livet til 46-åringen.

– Ein berikelse, absolutt. Eg har ikkje vore bortskjemt med julestemning tidlegare, når eg har reist rundt og spelt andre konsertar. Det forandra seg når me byrja med julekonsertar for tre år sidan. For ein kjem verkeleg i julestemning av å framføra mange av dei tradisjonelle julesongane, slår Johnsen fast.

Han gir òg uttrykk for at det å spela i kyrkja er noko han set ekstra pris på.

– Kyrkjene er dei finaste stadene å spela. Der er det flott akustikk og rommet er enklare å fylla enn andre konsertarenaer, til og med utan anlegg. Ein blir på ein måte løfta og flyr gjennom konserten, fortel han.

Nordberg reunion
Parallelt med førebuingane til julekonsertar har Vidar Johnsen også arbeidd med neste års prosjekt – ein reunion med svenske Peter Nordberg.

– Neste år er det ti år sidan me gav ut plate, så då fann me ut at tida var inne for å gjera noko i lag igjen. Me er alt i gang med øvingar og i mars brakar det laus, opplyser Johnsen.

I utgangspunktet var det tenkt tre konsertar, der dei to har med seg fullt band. Men så dukka det opp nokre festivalar og slikt, som han sjølv uttrykker det.

– Me får sjå litt kor mykje det ballar på seg. Dette er eit reint overskotsprosjekt som me gler oss til, og så held me litt ope i høve til omfanget.

Johnsen opplyser elles at han gjerne blir å høyra igjen i Sauda i løpet av hausten 2019 – denne gongen i Folkets Hus.

Spanande samarbeid
Johnsen har også tidlegare sunge saman med barnekor, men ikkje heilt som denne gongen.

– Eg gler meg til å møta dei. Me skal øva litt saman laurdag før konserten. Dei kjem til å synga nokre eigne songar først, og så syng me litt saman seinare i konserten. Dette blir kjekt!

Etter at konserten er vel i hamn, er det tida for haugesundaren å senka skuldrene og nyta julestemninga etter åtte strake dagar med julekonsertar.

– Eg er på rette plassen. Eg blir i Sauda og feirar jula der, avsluttar Vidar Johnsen.


Laurdag blir det gjensyn med Vidar Johnsen
som også dette året legg ein av sine julekonsertar
til Sauda kyrkje. Arkivfoto: Edd Meby.