– Fjern snøen frå biltaket

– Politiet har fått inn fleire henvendingar frå publikum om bilar som køyrer rundt med snø på biltaka. Me vil på det sterkaste oppmoda bilistane om å fjerna snøen før dei køyrer, seier politioverbetjent Øyvind Dybing.

– Folk er stort sett flinke til å skrapa rutene. Men køyrer ein med masse snø på taket og bremsar, kjem fort snøen susande ned over frontruta, forklarer han vidare.

Ein slik situasjon vil ifølge Dybing kunna føra til at ein blir meldt for brot på paragraf tre i vegtrafikklova for ikkje å ha vore tilstrekkeleg aktpågivande og varsam og dermed forårsaka potensielt farlege situasjonar.