Trond Carsten Øye (frå venstre), Odd Erik Egge, Torstein Hjorth og Ola Bjelland (framme) skal alle bidra i ulike konstellasjonar på Åpen scene kommande fredag. Foto: Even Emberland.
Trond Carsten Øye (frå venstre), Odd Erik Egge, Torstein Hjorth og Ola Bjelland (framme) skal alle bidra i ulike konstellasjonar på Åpen scene kommande fredag. Foto: Even Emberland.

Lokale musikarar tar sats på Åpen scene

– Det var ein suksess på Fars Vilje med stappfullt hus, og nå vil me prøve igjen, seier initiativtakaren.

Fredag står Odd Erik Egge og andre lokale musikkrefter for arrangementet Åpen scene på Folkets Hus. Dei inviterer til ein sosial kveld med livemusikk og song frå rundt 20 saudabuar.

– Me hadde dette før på Fars Vilje for nokre år sidan. Då hadde me det to eller tre gonger, og det blei ein suksess med mange forskjellege folk som opptredde og stappfullt hus. Nå har me fått eit kulturhus og eit lokale i lillesalen som er passeleg til eit slik arrangement, så då vil me prøve igjen, forklarer Egge.

Samlar musikkfolket

Saman med Nils Kristen Herheim var det Egge som initierte Åpen scene-kveldane på Fars vilje, etter at sistnemnde henta idéen frå si tid som student på Stord. Herheim er ikkje i Sauda på fredag, men Egge opplyser at han kjem til å bli involvert om dei skal bygge vidare på arrangementet med fleire Åpen scene-kveldar på Folkets Hus.

– Poenget er å samle vaksne folk som driv med musikk i Sauda. Slik kan ein knyte nye kontaktar og kanskje starte nye prosjekt. Eg har spurt ulike folk som eg veit speler eller syng om å vere med og opptre. Her har eg ikkje invitert kor, mykje på grunn av størrelsen på lokalet, men også fordi dette er ei litt annan greie.

Vil ha med fleire

– Kva ventar dei som tar turen for å sjå og høyre?

– Det blir god musikk, og Kraft Kafe er open og har litt å tilby. Det blir som ein pubkveld light med livemusikk frå 20 ulike artistar som alle er lokale. For oss som speler og syng er det for å treffast, spele saman, spele for kvarandre og for venner og kjente. Eg håper det kan bli ei greie kor me kan treffast og ha det kjekt saman, seier Egge, som fortel at ein har mål om å arrangere Åpen scene éin gong i halvåret:

– Me håper dette blir vellukka, og at me då kan utvide det littegrann og få med endå fleire til å spele og synge i neste omgang.