Rådmann Rune Kloster Tvedt meiner politiske verv i Sauda i stor grad handlar om dugnad, sjølv om møtegodtgjeringa blir heva. Arkivfoto: Frank Waal.
Rådmann Rune Kloster Tvedt meiner politiske verv i Sauda i stor grad handlar om dugnad, sjølv om møtegodtgjeringa blir heva. Arkivfoto: Frank Waal.

Foreslår at politikarane får meir pengar

Rådmannen foreslår at politikarane si møtegodtgjering blir auka frå 600 kroner til 1000 kroner.

Møtegodtgjeringa for folkevalde i Sauda skal opp til ny behandling. Onsdag skal formannskapet gi si innstilling, før saka skal vidare til kommunestyret.

Rådmannen foreslår at godtgjeringa for kvart møte blir heva frå 600 kroner til 1000 kroner. Sidan møta i kommunestyret og formannskapet er på dagtid, får også representantane dekka tapt arbeidsforteneste.

Rådmannen foreslår også at varaordførargodtgjeringa blir endra. I dag får varaordføraren i Sauda 20 prosent av godtgjeringa til ordføraren. Ordføraren si godtgjering utgjer 100 prosent av godtgjeringa til ein stortingsrepresentant, som i dag er på 956 000 kroner i året. Det betyr også at ein ordførar ikkje mottar overtidsbetaling for kveldsarbeid og helgearbeid, som det blir betydelege mengder av i løpet av eit år.

Forslaget er at varaordførargodtgjeringa blir senka frå 20 prosent til 17,5 prosent, men at varaordføraren får dekka tapt arbeidsforteneste for møta.

I 2014 foreslo rådmannen i Sauda at møtegodtgjeringa blei heva frå 600 til 1000 kroner, men politikarane valde å sette beløpet til 750 kroner. Politikarane i Sauda har gjennom heile 2000-talet vald å vedta låg møtegodtgjering, sidan det mange av åra har vore tøffe økonomiske prosessar for å halde utgiftsnivået nede. Undervegs i nåverande valperiode blei møtegodtgjeringa igjen tilbakeført til 600 kroner. I Sauda har det vore politisk tradisjon for at asfaltbudsjettet og den politiske møtegodtgjeringa skal ha låge beløp i trange tider.

Høgare hos naboane

I nabokommunane Suldal og Vindafjord er den politiske godtgjeringa høgare enn kva Sauda har i dag.

Møtegodtgjeringa i Vindafjord er 956 kroner per møte, som er 0,1 prosent av stortingsrepresentantgodtgjeringa. I tillegg mottar formannskapsmedlemmene 6 prosent av ordføraren godtgjering, mot 5 prosent i Sauda.

Men samtidig unngår nabokommunane ekstrautgiftene det er å ha politiske møter på dagtid, som medfører at kommunen i større grad må dekke tapt arbeidsforteneste. Suldal og Vindafjord praktiserer i stor grad møter utanom ordinær arbeidstid.

Suldal opererar ikkje med godtgjering per møte. Der får alle kommunestyremedlemmen 9560 kroner i året, som er 1 prosent av godtgjeringa til stortingsrepresentantar. I tillegg får formannskapsmedlemmene 6,5 prosent av det ein stortingsrepresentant får. Utvalsmedlemmene får 4 prosent. Alle kommunestyremedlemmene i Suldal, unntatt éin representant, sit i tillegg i formannskapet eller i eitt av dei to hovudutvala.

Leiaren og medlemmene i kontrollutvalet i Suldal har fire gonger høgare betalt enn kontrollutvalet i Sauda, der satsane er foreslått uendra.

Billegare på kveldstid

Turid Våge i Suldal kommune opplyser at dei har vald å halde møte på kveldstid for å halde utgiftene nede. I Sauda er møta på dagtid.

– Me har tidlegare vurdert å ha alle møta på dagtid, men konkluderte med at det blei dyrare på grunn av at det blir meir utgifter til tapt arbeidsforteneste, og har derfor ikkje innført det. Men samtidig er det enklare for småbarnsforeldre å vere med i lokalpolitikken dersom ein har møta på dagtid, seier Våge.

I Vindafjord er kommunestyremøta på kveldstid. Formannskapsmøta startar klokka 14.00. Utvalsmøta startar i hovudsak klokka 13 eller klokka 14, men aldri på kveldstid.

Dokumentert tapt arbeidsteneste blir av rådmannen i Sauda foreslått sett til maks 3000 kroner dagen. Dette gjeld også sjølvstendig næringsdrivande.

– Nøkternt nivå

Rådmann Rune Kloster Tvedt seier at det ikkje er rekna på kva økonomiske konsekvensar dei føreslåtte endringane i møtegodtgjeringa har for Sauda kommune.

– Det er klart at det kostar, men det skal det også gjera. Det er uansett snakk om eit nøkternt nivå på godtgjeringa i Sauda kommune. Viss ein tenker at ein har 250 kroner timen for eit formannskapsmøte på fire timar, må ein også ta med gruppemøter og saksførebuingar i forkant. Då snakkar me heller om at det ligg mykje dugnadsinnsats her, seier Kloster Tvedt.

Rådmannen meiner det ikkje er store summar å spare på å legge møta til kveldstid i Sauda, sidan det er mange folkevalde som er offentlege tilsette eller jobbar skift. Offentleg tilsette kan delta i politiske verv i inntil ti dagar utan å bli trekt i løn.

Forslaget til politisk godtgjering i Sauda:

Ordførar: 956 463 per år (100 % av godtgjeringa til stortingsrepresentant)

Varaordførar: 17,5 % av ordførarløn + tapt arbeidsforteneste.

Formannskapsmedlem: 5 % av ordførargodtgjeringa + 1000 kroner per møte + tapt arbeidsforteneste

Kommunestyremedlem: 1000 kroner per møte + tapt arbeidsforteneste

Leiar av kontrollutvalet: 11 560 i året

Medlem i kontrollutvalet: 7810 kroner i året

Barnetalsperson: 5000 kroner i årleg kompensasjon

Leiar eldrerådet: 2000 kroner per møte + tapt arbeidsforteneste

Leiar funksjonsnedsettes råd: 2000 kroner per møte + tapt arbeidsforteneste

Samtlege andre møte: 1000 kroner per møte + tapt arbeidsforteneste

Ungdomsrådet har ikkje møtegodtgjering da desse møta skjer i skuletida.

Politisk godtgjering i Suldal:

Ordførar: 860 817 per år (90 % av godtgjeringa til stortingsrepresentant)

Varaordførar: 11 % av stortingsrepresentant + 20 % frikjøp + tapt arbeidsforteneste

Formannskapsmedlem: 6,5 % av stortingsrepresentant + tapt arbeidsforteneste

Hovudutvalsmedlem: 4 % av stortingsrepresentant + tapt arbeidsforteneste

Kommunestyremedlem: 1 % av stortingsrepresentant + tapt arbeidsforteneste

Politisk godtgjering i Vindafjord:

Ordførar: 956 463 per år (100 % av godtgjeringa til stortingsrepresentant)

Varaordførar: 12,5 % av ordførarløn + møtegodtgjering utover ordinære formannskaps- og kommunestyremøte.

Formannskapsmedlem: 6 % av ordførargodtgjering + 1000 kroner per møte + tapt arbeidsforteneste

Kommunestyremedlem: 1000 kroner per møte + tapt arbeidsforteneste

Varaordførar og formannskapet får møtegodtgjerelse utover ordinære formannskaps- og kommunestyremøte. Møtegodtgjeringa er på 0,1 prosent av ordførarløn for møte over fire timar og 0,066 prosent for møter under fire timar.